Grunnskulane i Førde

I Førde har vi gode skular!

 
Førde kommune har hatt eit målretta arbeid innan skulesektoren i lang tid og elevane har hatt eit særs godt resultat på dei nasjonale prøvane i 5. og 8. klasse.


I Førde har vi 9 grunnskular, som for tida har om lag 1800 elevar.

Grunnskulane i Førde kommune

Flatene skule (1-4)

Frøysland skule (1-7)

Førde Barneskule (1-7)

Førde ungdomsskule (8-10)

Halbrend skule (5-10)

Holsen skule (1-7) + barnehage

Karstad skule (1-7) + barnehage

Slåtten skule (1-7)

Sunde skule (1-7) 


Finn skulane i kartet om du lurer på kor dei er. 

 

Kva skule skal barnet mitt gå på?

Ta kontakt med servicetorget på tlf. 57 72 20 00 for å få vite kva skulekrins barnet ditt soknar til.

  

Må eg melde inn barnet mitt til skulestart?

Du treng ikkje melde frå til skulen om at barnet skal byrje på skulen, så lenge du er folkeregistrert i Førde kommune.

Skulane sender brev til føresette om innskriving av nye førsteklassingar, førskuledagar og skulestart i 1. klasse. Dette skjer på vårparten det året barnet ditt skal byrje på skulen. 

 

PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) 

PPT skal gi skulane råd og rettleiing, slik at dei kan leggje til rette for barn og unge som har faglege eller sosiale vanskar. PPT for Indre Sunnfjord dekkjer kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal.

 

SFO (Skulefritidsordning)

Kommunen tilbyr skulefritidsordning for barn frå 1. til 4. klasse og for barn med funksjonshemming frå 1. til 7. klasse. Du får informasjon om SFO-tilbodet til skulen når barnet blir skrive inn. Du søkjer elektronisk om SFO-plass.

 

Skuleskyss

Barnet ditt har rett på skuleskyss dersom han eller ho oppfyller eitt eller fleire av desse kriteria:

  • er elev på 1. årstrinn med meir enn 2 kilometer til skulen
  • er elev på 2.-10. årstrinn og har meir enn 4 kilometer til skulen
  • har ein særleg farleg skuleveg
  • treng skuleskyss på grunn av funksjonshemming eller forbigåande skade eller sjukdom. Det gjeld uavhengig av avstanden mellom heim og skule/SFO. De må ha legeerklæring.

 

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og under 20 år. Helsesøster skal vere tilgjengeleg på skulen din nokre dagar i veka. Les meir om skulehelsetenesta. 

Publisert av Atle Holsen. Ansvarleg Helge Sæterdal. Sist endra 15.05.2015 av Marit Kleiven

Kontakt

bilde av personen: Helge Sæterdal
Kommunalsjef
  • Tlf: 57 61 27 03
  • Mob:
  • E-post:  

Snarvegar

 
 
padlock