Salsløyve for alkohol

Butikkar som skal selje alkohol, må søkje om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol. 


Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve. 

 

Løyveperiode

Løyve for sal av alkoholhaldig drikk gjeld vanlegvis for ein kommunestyreperiode. Salsløyve for denne perioden gjeld frå 1. juli 2016 og fram til 30. september 2020. I Førde vil løyva bli vidareført i neste periode utan krav om ny søknad. Føresetnaden er at det ikkje er merknader til vandel eller politimessige forhold. 

Korleis få salsløyve?

Salsløyve vert gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og varastyrar. 
 

Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00 eller på chat/nettprat.

 

Gå til søknadsskjema >

 

Vedlegg som må følge søknaden

  • Firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta
  • Planteikning over utsalsstaden sitt areal
  • Dokumentasjon på styrar og varastyrar sin tilknyting til utsalsstaden
  • Stadfesting på at styrar og varastyrar har bestått kunnskapsprøva i alkohollova

Kva krav stillast til søkjar?

  • Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel
  • Styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova
  • Styrar og varastyrar må vere over 20 år
  • Styrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling

 

Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil 3 månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknadane skal sendast på høyring til politiet og sosialtenesta. Søknadane skal vidare opp til politisk avgjerd. 

 

Alkoholpolitikk i Førde kommune


Salstider i Førde kommune

  • Måndag til fredag: 08:00–18:00
  • Laurdag: 08:00–16:00
  • Dagar før helge- og høgtidsdagar: 08:00–16:00
    (gjeld ikkje dagen før Kristi Himmelfartsdag)
  • Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk skal ikkje skje på søn- og helgedagar, 1. og 17. mai
  • Påske-, pinse-, jule- og nyttårsafta skal sal og utlevering av alkoholhaldig drikk opphøyre kl 15:00
  • Valdagen er ikkje lenger unnateke frå alkoholsal
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 01.07.2016 av Marit Kleiven
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

  • Tlf: 57 72 20 00
  • Mob:
  • E-post:  

Snarvegar

 
 
Login for redigering