Deling av grunneigedom

 

Deling av grunneigedom betyr å dele frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eige gards- og bruksnummer. Ved bortfeste av deler av en eigedom for meir enn 10 år, må det også ligge føre eit delingsløyve.

 

Oversiktsbilde FørdeOversiktsbilde Førde

Det er grunneigar/ heimelshavar som søkjer kommunen om løyve til deling.  

 

Søknadsskjema du treng

 

Kart med innteikna parsell og grunngjeving av søknaden må leggast ved. 

 

Søknaden vert handsama/vurdert etter:

  • Gjeldande arealplanar (kommuneplanens arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan). Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden handsamast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 19-1 og 2
  • Plan- og bygningslova kap 26, 27 og 28 (Om parsellen er eigna til formålet, tilkomst, vatn/avlaup og naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m)
  • Jordlova §§ 9 og 12. (§ 9: For all jord som er dyrka eller eigna til dyrking. § 12: Eigedom som kan nyttast til jord eller skogbruk)

 

Den nye eigedomen får tildelt eige gnr/bnr, vert registrert i den sentrale matrikkelen og tinglyst. Matrikkelbrev på eigedomen vert sendt til aktuelle partar.

 

Publisert av Oddbjørn Sellevoll. Ansvarleg Byggesak og arealforvaltning. Sist endra 13.03.2013
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
kontaktperson
Viltforvaltning, skogbruk, delingssaker
Telefon :
57 61 27 23
Mobil :
90 53 35 09
Tittel :
Rådgjevar
Bunnhjørne
kontaktperson
rettleier og gjev informasjon om alle kommunale tenester. adr. Hafstadvegen 42.
Telefon :
57 72 20 00
Bunnhjørne
Hovudside (1)
Kommunale dokument (1)
På eiga hand (1)
Førde Kommune, postboks 338, Hafstadv. 42, 6802 Førde. Tlf: 57 72 20 00. Fax: 57 82 38 76 postmottak@forde.kommune.no