Førebu bustaden din for framtida di

Logo Husbanken - Klikk for stort bilete

 

Onsdag 1. november får du sjansen til å høyre meir om korleis du kan tilretteleggje bustaden din når du pussar opp, og korleis oppussinga aukar verdien på bustaden. Då inviterer Husbanken og NAV Hjelpemiddelsentral til opent møte om bustadtilpassing i Førdehuset. 

Informasjonsmøte om bustadtilpassing

Vi nordmenn er i verdstoppen når det gjeld oppussing. Men tenkjer vi på tilgjengelegheit for å kunne bli buande lenger heime? Får vi full effekt av dei 70 milliardane vi pussar opp for kvart år?
 
Dette og meir vil du få svar på dersom du set av kvelden og kjem på møte i regi av NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane og Husbanken vest.
 
Arrangementet er gratis, men det er avgrensa tal plassar. Påmeldingsfrist 25. oktober 2017
 
 
 

Program onsdag 1. november, Førdehuset

  • 16:00 Gratis suppe og brød til deg som kjem rett frå jobb eller berre har lyst til å slå av ein prat med andre deltakarar og ta ein titt på utlagt informasjonsmateriell før programmet startar
  • 16:30 Velkommen
  • 16:40 Universell utforming: Tilgjengeleg, funksjonell og estetisk bustad v/ Tina Therese Larsen, sivilarkitekt og seniorrådgivar i Husbanken vest
  • 17:40 Vert marknadsverdien på bustaden påverka av tilrettelegging og tilgjengelegheit?  v/ Pål Anders Kårstad, dagleg leiar/eiendomsmeklar i Sparebanken Sogn og Fjordane
  • 18:10 Kaffi og noko å bite i
  • 18:30 Husbanken sine låne- og tilskotsordningar til oppgradering av bustaden v/ representantar frå Husbanken vest
  • 19:00 Nyttige tips for ein enklare kvardag v/ Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane
  • 19:30 Speed-Dating: Vil du snakke med nokon av oss frå Hjelpemiddelsentralen eller Husbanken? Vi svarer på spørsmål, ta gjerne med teikningar.
  • 20:15 Vel heim
 
 

Påmelding

Du kan melde deg på elektronisk. Du kan òg ringe direkte til Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane på telefon 57 01 62 70 og melde deg på direkte. 
 

Påmeldingsfrist er 25. oktober 2017, det er avgrensa tal plassar. 
 
 
 

Kontaktpersoner 

  • Monica Ketelsen, Husbanken, telefon: 55 30 66 45
  • Anne-Cathrine Neslein, NAV Hjelpemiddelsentral, telefon: 57 01 63 06
 
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 06.10.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering