Folkehelse

Halbrend skuleHalbrend skule Oskar Andersen  
Folkehelse omhandlar faktorar som er med på å påvirke helsa di som mellom anna allergi, drikkevatn, ernæring, innemiljø, skadedyr og strålevern.  


Folkehelsearbeidet er samfunnet sin samla innsats for å påverke det som fremmer og held ved like helsa til befolkninga.

Folkehelse i Førde kommune
Førde kommune har laga partnarskapsavtale med Sogn og Fjordane Fylkeskommune om det førebyggande folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet skal vere tverrsektorielt, og viktige samarbeidspartar utanom kommuneorganisasjonen er frivillige organisasjonar, næringsliv og statlege organ.


Folkehelsekoordinator i Førde kommune
Solrun Thingnes, e-post: solrun.thingnes@forde.kommune.no
Tlf. nr.
 57 61 26 53. Arbeidsstad: Hafstadvegen 42, Fagutvikling og koordinering 


Satsingsområde for folkehelsearbeidet i Førde kommune

  • Fysisk aktivitet, kosthald og tannhelse
  • Barn og unge sitt oppvekstmiljø 
  • Rus, tobakk- og dopingmidlar
  • Trygge Eldre
  • Kultur og eldre 
  • Universell utforming
  • Levande og inkluderande lokalsamfunn
  • Psykisk helse

Tilskotsmidlar
Det vert lyst ut tilskotsmidlar kvart år frå fylket med kunngjering i lokalavisene. Lag og organisasjonar som vil delta i folkehelsearbeidet, og som arbeider innafor dei kriteria som gjeld for tilskotsmidlane, kan søkje om tilskot.

Søknad skal sendast til folkehelsekoordinator i kommunen.
 Det er nedsett ei folkehelsegruppe som skal velje satsingsområde, godkjenne handlings- og økonomiplan og årsmelding, og vere eit støtte- og styringsorgan i arbeidet. 

Førde kommune si folkehelsegruppe
Helse og barn, leiar
Helsestasjon, fagansvarleg
Arealforvaltning, arealplanlegging
Heimetenesta, arbeidsleiar
Psykiatritenesta, leiar
Kultur, leiar
Mental Helse Indre Sunnfjord, leiar
Barneskulane, rektor
Barnehagane, leiar
Den offentlege tannhelse, tannpleiar
Førde Undervisningssjukeheim, demensteamet 

I tillegg til folkehelsegruppa er det ulike arbeidsgrupper, der frivillige, brukarar, lag og organisasjonar er med. 

Kosthaldsrettleiing
Treng du kosthaldsrettleiing for barn og unge mellom 0-18 år - ta kontakt med helsestasjonen, skulehelsetenesta eller fastlegen. Kosthaldsrettleiing for vaksne vert gitt av fastlegen
 


Innemiljø, smittevern, støy og stråling
Miljøretta helsevern kan gi svar på spørsmål om mellom anna innemiljø, smittevern, støy, strålevern og drikkevatn. 

Publisert av Doris Rutledal. Sist endra 21.01.2014
Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Folkehelsekoordinator i Førde kommune
Telefon :
57 61 26 53
Tittel :
Folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
Førde Kommune, postboks 338, Hafstadv. 42, 6802 Førde. Tlf: 57 72 20 00. Fax: 57 82 38 76 postmottak@forde.kommune.no