Dagsenter for eldre

Dagsenter er eit tilbod til eldre og demente heimebuande i Førde. Senteret har eigne lokale i og rundt Helsetunet. Her får du frukost, middag, ettermiddagskaffi, trim og andre aktivitetar og sosialt samvær.

Pri sper dag: 135 kr 

Målsetting for tilbodet:

  • Gje tilbod om aktivitetar
  • Bryte einsemd og etablere kontakt
  • Avlasting til pårørande
  • Lage eit miljø det tryggleik og glede står i fokus
  • Skape kontakt mellom heimebuande og brukarane på institusjonen

Korleis søkje

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad

  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden

  • Tildelingskontoret handsamar søknaden og du vil bli kontakta slik at det kan bli gjort ein kartlegging saman med deg av dine behov for hjelp

  • Søknaden sendast til:

                       Førde kommune v/ Tildelingskontoret, pb 338, 6802 Førde

 

Publisert av Tildelingskontoret. Ansvarleg Turid Anita Viken. Sist endra 23.01.2015 av Catrine Andresen

Kontakt

Arbeidsleiar
  • Tlf: 57 82 88 37
  • Mob:
  • E-post:  

Snarvegar

 
 
padlock