Tryggleiksalarm

Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggleiksalarm. Alarmen berer du på deg heile døgnet og er ein enkel måte å tilkalle hjelp i akutte situasjonar. 

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine. 


Korleis søke

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt (PDF, 18 kB) og levere den med søknaden

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om tryggleiksalarm. 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 74 kB)

 

Søknaden sendast til

Førde kommune v/ Tildelingskontoret, pb 338, 6802 Førde. 

 

Handsaming

Tildelingskontoret handsamar søknaden, og du vil bli kontakta slik at det kan bli gjort ei kartlegging av dine behov.
 

Tildelingskontoret handsamar saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. 

 

Kva kostar det?

Du betaler leige for alarmen etter den inntekta husstanden har. Er inntekta under 2 G (grunnbeløpet i folketrygda), får husstanden leige tryggleiksalarmen gratis. 

Prisen for 2016 er satt av Bystyret i Førde 

Eigenandel tryggleiksalarm
Inntekt Pris pr månad
 Under 2 G  kr 0,- 
 Over 2 G  kr 350,-

 

Praktiske opplysningar ved leige av tryggleiksalarm

  • Alarmen vert knytt opp til analog telefonlinje som brukar sjølv må koste
  • Alarmen er knytt til alarmsentralen i Florø heile døgnet
  • Brukaren må betale månadsabonnement for leige av tryggleiksalarmen
  • Førde kommune tek atterhald om retten til å inndra tryggleiksalarmar som ikkje vert brukt i tråd med tildelingskriteria
  • Brukar må syte for framkomeleg veg til bustaden
  • Utanfor ein radius på om lag 5-7 km frå Førde sentrum skal pårørande/nabo vere fyrstekontakt for alarmsentralen
  • Brukar må gje løyve til at nøkkelboks vert montert ved inngangsdør
  • Det er ein (1) månads oppseiingstid
  • Tryggleiksalarm er ei betalingsteneste med eigenandel som er fastsett av Bystyret i Førde
  • Dersom det er behov for ekstra knapp til alarmen, kan husstanden få dette utan ekstra kostnad
  • Vedlikehald og reparasjonar som fylgje av vanleg bruk vert dekka gjennom abonnementet
  • Brukar må sjølv betale for skade på utstyr som skuldast aktløyse

 

Kontaktinformasjon

Ved spørsmål ta kontakt med:

  • Sentralbord heimetenesta på tlf: 57 72 21 20
Publisert av Catrine Andresen. Sist endra 05.01.2016 av Marit Kleiven
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

  • Tlf: 57 72 20 00
  • Mob:
  • E-post:  

Snarvegar

 
 
Login for redigering