Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm skal sikra tryggleik slik at du kan bu lengst mogleg heime. Alarmen er ein enkel måte å få kontakt med omsorgstenestene døgnet rundt, og få nødvendig hjelp dersom det oppstår ein akutt situasjon.

Kva er tryggleiksalarm

  • Alarmen vert knytt opp til analog telefonlinje som brukar sjølv må koste
  • Alarmen er knytt til alarmsentralen i Florø heile døgnet
  • Brukaren må betale månadsabonnement for leige av tryggleiksalarmen
  • Førde kommune tek atterhald om retten til å inndra tryggleiksalarmar som ikkje vert brukt i tråd med tildelingskriteria
  • Brukar må syte for framkomeleg veg til bustaden
  • Utanfor ein radius på om lag 5-7 km frå Førde sentrum skal pårørande/nabo vere fyrstekontakt for alarmsentralen
  • Brukar må gje løyve til at nøkkelboks vert montert ved inngangsdør
  • Det er ein (1) månads oppseiingstid
  • Tryggleiksalarm er ei betalingsteneste med eigenandel som er fastsett av Bystyret i Førde
  • Dersom det er behov for ekstra knapp til alarmen, kan husstanden får dette utan ekstra kostnad
  • Vedlikehald og reparasjonar som fylgje av vanlig bruk vert dekka gjennom abonnementet
  • Brukar må sjølv betale for skade på utstyr som skuldast aktløyse

Målgruppa:

  • Målgruppa er eldre, funksjonshemma og andre som av helsemessige grunnar har høg risiko for å skade seg, og som følge av dette ikkje klarer å tilkalle hjelp på telefon i ein akutt situasjon

 

Kostnad

Du betaler leige for alarmen etter den inntekten husstanden har. Er dette under 2 G, får husstanden leige den gratis.

 

Prisen for 2015 er satt av Bystyret i Førde 

Eigenandel tryggleiksalarm
Inntekt Pris pr månad
 Under 2 G  kr 0,- *
 Over 2 G  kr 350,-

Grunnbeløpet i folketrygden (forkortes vanligvis til G) benyttes som grunnlag for å beregne norske trygde- og pensjonsytelser. pr 2014 er 1 G =kr  88 370,-

 

Korleis søkje

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden.
  • Tildelingskontoret handsamar søknaden og du vil bli kontakta slik at det kan bli gjort ein kartlegging saman med deg av dine behov for hjelp

 

Gå til søknadsskjema >

 

Søknaden sendast til:

                       Førde kommune v/ Tildelingskontoret, pb 338, 6802 Førde

 

Kontaktinformasjon

 

Ved spørsmål knytt til tenestetilbodet, ta kontakt med:

  • Sentralbord heimetenesta på tlf: 57 72 21 20
Publisert av Catrine Andresen. Sist endra 04.02.2015 av Catrine Andresen

Kontakt

Leiar Heimetenesta
  • Tlf: 57 72 21 20
  • Mob:
  • E-post:  

Snarvegar

 
 
Login for redigering