Norskopplæring for vaksne innvandrarar

Kart
Sanderplassen 1


 

 

Førde Norsksenter held til på Sanderplassen 1 (3. etg. hjå Berge & Co.), som ligg omlag 2 km frå Førde sentrum i retning Jølster.

 

Førde Norsksenter har opplæring på ulike nivå og det er tilbod om undervisning både på dag- og kveldstid. Målgruppe: Innvandrarar mellom 16 og 55 år.

Norskopplæring

Det er både rett og plikt til å delta i 550 timar norsk og 50 timar samfunnsfag for personar mellom 16 og 55 år som søkjer opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslova som grunnlag for busettingsløyve.

 

Innvandrarar mellom 55 år og 67år har rett, men ikkje plikt til å ta del i opplæringa.

 

Pris

Opplæringa er gratis for dei med rett og plikt til opplæring. Etter søknad kan det gjevast inntil 2700 timar norskopplæring ut over dei obligatoriske 600 timane.

 

Arbeidsinnvandrarar må betale for undervisninga.

 

Opptak av nye elevar
Det er hovedinntak av nye elevar etter sommarferien og etter nyttår, men i einskilde tilfelle kan det vere mogleg å starte opplæringa på andre tidspunkt. Kontakt Førde Norsksenter på telefon 57 72 10 30 for nærare informasjon.

Publisert av Ole Magnar Stein. Sist endra 30.09.2013
Førde Kommune, postboks 338, Hafstadv. 42, 6802 Førde. Tlf: 57 72 20 00. Fax: 57 82 38 76 postmottak@forde.kommune.no