Barnehagane i Førde

Vi vil tilby alle småbarnsforeldre eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Det gjer vi gjennom det mangfald av kommunale og private barnehagar som er i kommunen,  til saman 16 barnehagar.

Du kan sjå kor barnehagane er plassert i barnehagekartet.
 

Felles søknad

Førde kommune har eit felles opptak for alle barnehagane. Du treng difor berre søkje ein plass.
 

  • Søknadsfristen er 1. mars kvart år
     

Søknaden er elektronisk. Om du treng hjelp til å søkje/tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. nr. 57 72 20 00 eller nettprat
 

Søk barnehageplass >

 

Rett til barnehageplass

Alle born som fyller 1 år seinast 31. august i søknadsåret, og som søkjer innan fristen 1. mars har lovfesta rett til barnehageplass.

Dei som får plass må vere busett i kommunen når dei tek til i barnehagen.

Informasjon om opptak pr. 17. februar 2015

Slik det ser ut no pr. 17. februar vert det få eller ingen ledige plassar for barn over 3 år i desse barnehagane:

Halbrend, Hatlehaugen, Holsen, Karstad, Nærleiken, Prestebakken, Tusenfryd, Vie og Solsida, avdeling Toene.

Situasjonen kan likevel endre seg framover våren i tilfelle oppseiingar eller pga flytting. Dei som søkjer plass i desse barnehagane bør også legge inn andre alternativ i søknaden.

 

Elektronisk utsending av svar

Tilbod om barnehageplass vil bli sendt via e-post. Du må logge deg inn for å svare på tilbodet. Om du ikkje har e-post vil tilbodet bli sendt pr. post. Vi tilrår at alle opprettar ei e-postadresse då kommunikasjonen framover vil føregå elektronisk.


Prisar

Barnehage
Betalingssatsar 2015
Barnehage
TilbodPr. månadMatpengar (i tillegg)
100 % plass2480300
80 % plass2230240
60 % plass1740180
50 % plass1490150
40 % plass1240120
Søskenmoderasjon 30% for 1. søsken, 50% for andre søsken

 

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Eventuelle vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar må sendast pr post til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde innan søknadsfristen 1. mars.  Merk konvolutten "vedlegg til barnehagesøknad".

 

Barnehageplass for høgskulestudentar i Førde

Viebøen barnehage SA har 8 barnehageplassar for barn i alderen 0 - 6 år som er øyremerka for studentar ved høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foreldre/studentar som mottek ein SISOF-plass har redusert foreldrebetaling. Satsane pr 1. januar 2015 er kr. 2100 over 3 år og kr 2200 under 3 år, matpengar kjem i tillegg.


Har ein fleire barn i barnehagen har ein rett til søskenmoderasjon. Meir informasjon finn du på studentsamskipnaden si heimeside.


Studentar som ønskjer SISOF-plass i Viebøen barnehage, søkjer på vanleg måte om barnehageplass i Førde kommune.

Du må i tillegg stadfeste at du er student ved høgskulen i Sogn og Fjordane med kopi av studentavgift eller stadfesting frå skulen.

Dokumentasjonen sendast Viebøen barnehage.
Adresse: Gardsstølsvegen 29, 6812 Førde. 

Publisert av Marit Kleiven. Ansvarleg Kommunalsjef Helge Sæterdal. Sist endra 17.02.2015 av Marit Kleiven

Kontakt

bilde av personen: Helge Sæterdal
Kommunalsjef
  • Tlf: 57 61 27 03
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
padlock