Skjenkeløyve

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha eit serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis gjeld skjenkeløyve for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda. Søknad om skjenkeløyve skal opp til politisk handsaming.

 

Søknadsfrist for ny løyveperiode 2016–2020 er 19. februar 2016.
 

Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00 eller på chat/nettprat. 
 

Gå til søknadsskjema >

 

Vedlegg som må følge søknaden 

  • Firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta
  • Utskrift av Foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein 3-del av føretaket
  • Utskrift av Foretaksregisteret si rolleoversikt for foretaket sin daglege leiar
  • Skatteattest for driftsselskapet
  • Teikning/plan for uteservering
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og varastyrar har greidd kunnskpsprøve om alkohollova
  • Konseptutgreiing: Opplysningar om kva slag skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknyting til skjenkestaden
     

Kva krav stillast til søkjar?

  • Alkohollova og serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel
  • Styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova for å kunne søkje om skjenkeløyve
  • Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søkje om serveringsløyve
  • Styrar og varastyrar må vere over 20 år
  • Styrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling

 

Kor lang tid tek det?

Sakshandsamingstida for skjenkeløve kan ta opptil 3 månader. Søknaden skal sendast på høyring til politiet og sosialetenesta. Søknaden skal vidare opp til poltisk handsaming.  
 

Skjenketider i Førde kommune

Innandørs skjenking:

  • Skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 (inntil 22 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 08:00 til kl. 02:00
  • Skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 3 (over 22 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 13:00 til kl. 01:00 

Utandørs skjenking:

  • Skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 (inntil 22 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 08:00 til kl. 24:00 
  • Skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 3 (over 22 volumprosent alkohol) kan skje frå kl. 13:00 til kl 24:00

 

Serveringsstader med uteservering av alkoholhaldig drikk, kan søkje om løyve til å servere alkoholhaldig drikk ute i tida kl 24.00 til kl 02.00 (over 22% alkohol fram til kl 01.00). Føresetnaden for utvida skjenketid utandørs er at bystyret finn området og serveringstilhøva gode nok med omsyn til kontroll, miljø og trafikk. 

 

Alkoholpolitikk i Førde kommune

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 25.01.2016 av Marit Kleiven
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

  • Tlf: 57 72 20 00
  • Mob:
  • E-post:  

Snarvegar

 
 
Login for redigering