Vedteken privat reguleringsplan Toene Gbnr 21/25 m.fl

Bystyret gjorde vedtak om godkjenning av privat reguleringsplan Toene gbnr 21/25 m.fl i møte 18. Februar 2010.

Publisert av Ole Jakob Sande. Sist endra 25.02.2010

Gjennom planen vert det lagt til rette for 2 nye frittliggande bustader, ny tomtearrondering av eksisterande bustadtomt, samt sikra at attverande ubygt areal vert teke vare på som opent landskap.

Vedteken plan med føresegner finn du her (pdf-format):

Plankart

Førsegner

 

Verknaden av vedteken reguleringsplan er omtala i PBL § 1-5.  Krav om erstatning etter PBL § 32 nr 1 og krav om innløysing etter PBL § 42 må rettast til Førde kommune innan 3 år.

 

Den som er part i saka eller som har rettsleg klageinteresse, kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering/ motteke varsel.

Grunneigarar vert varsla i eige brev. Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og sendast til: Førde kommune, Planutvalet, postboks 338, 6802 Førde.

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Digitalt skjema (1)
Førde Kommune, postboks 338, Hafstadv. 42, 6802 Førde. Tlf: 57 72 20 00. Fax: 57 82 38 76 postmottak@forde.kommune.no