Personvernerklæring elektroniske skjema

Elektronisk lagring av personopplysningar kjem inn under lov om behandling av personopplysningar. Vi vil difor fortelje korleis omsynet til personvernet blir behandla når det gjeld våre elektroniske skjema.

Definisjonar

  • Personopplysning: Opplysningar og vurderingar som kan knyttast til ein enkeltperson
  • Ansvarleg for handsaming: Den som bestemmer føremålet med handsaminga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast (Førde kommune)
  • Datahandsamar: Den som handsamar personopplysningar på vegne av den ansvarlege for handsaming (ACOS AS)

Denne erklæringen gjer greie for korleis personvernet vert teke vare på av ACOS AS som datahandsamar av personopplysningar.

 

Førde kommune ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgt og at datatryggleiken er ivareteken. Sikker handsaming av data vil til ei kvar  tid verte dokumentert etter gjeldande føresegner.

 

ACOS AS er kun datahandsamar av personopplysningene, medan det er mottakar (Førde kommune) som er eigar av data og ansvarleg for handsaming. Eigarforholdet er regulert av ein eigen datahandsamingavtale.

 

Føremålet  med handsaminga av personopplysningar

Opplysningar som du fyller inn, vert sendt over til ansvarleg for handsaming. Opplysningane gjer ansvarleg for handsaming i stand til å utføre si sakshandsaming av din førespurnad. Dei innsamla opplysningane om deg vert handsama på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

 

Lov om handsaming av personvern

Denne personvernerklæringa følgjer føresgnene i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) gjeldande frå 20. juli 2018.

 

Personopplysningar

Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringen, samtykker du til lagring ved oppretting av din brukarprofil. Samtykket vert gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for handsamingsmåten av opplysningane.

 

Lagring av opplysningar

Dersom du logger deg på med e-post/MinID/BankID kan du når som helst velje å avbryte utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt hente den opp igjen for vidare utfylling seinare.

 

Opplysningene du har tasta inn vil ligge lagra på vår server, og vil ikkje vere tilgjengelege for mottaker (Førde kommune), før du bestemmer deg for å sende inn søknaden.

 

Når du har valt innsending, har du samstundes samtykt i at mottaker (Førde kommune)  kan motta opplysningane. Så snart søknaden er sendt over til ansvarleg for handsaming, vert innhaldet sletta frå datahandsamar sin server (seinast innan tre døgn). Vel du å avbryte utfyllinga for å hente den opp att seinare, vil opplysningane berre vere tilgjengelege i 72 timar før dei vert sletta. Utvalde skjema er mogleg å langtidslagre på serveren til leverandør (ACOS AS). Nøkkelopplysningar frå desse søknadane vil automatisk verte henta opp når du startar ein ny søknadsprosess. For langtidslagring gjeld ei utvida personvernerklæring. Du vil få tilbod om å langtidslagre dei innsende skjema det er mogleg å lagre. 

 

Dersom du vel å ikkje logge deg på, vil innsende søknadsdata verte sletta frå datahandsamar sin server så snart søknaden er send over til ansvarleg for handsaming (seinast innan tre døgn). Datahandsamar vil berre behalde metadata om søknaden (type søknad, tidspunkt for innsending, referansenummer, og opplysningar om mottakar). 

 

Sikker line

Alle opplysningar som vert overført mellom di datamaskin og vår server foregår over sikker kryptert line (SSL). Løysinga svarar til tryggleiken som er brukt i nettbankane.

 

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysninger

Du kan når som helst be om å få sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt per e-post: postmottak@forde.kommune.no

 

Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du kreve å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv gjere ei slik sletting. Dette er jf. Personopplysningslova § 18 og retting etter samme lov § 27 og § 28.

 

Les meir om innsynsrett på Datatilsynet sine nettsider

 

Unnlatt samtykke

Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytte sjølvbeteningsportalen til Førde kommune - Søknadssenter - i høve til elektroniske søknadsskjemaer. Du må då ta kontakt med Førde kommune på annan måte.

 

Spørsmål?

Ring Servicetorget på 57 72 20 00 eller send e-post til postmottak@forde.kommune.no om du har spørsmål om personvernerklæringa


Postadresse:

Førde kommune
Postboks 338
6802 Førde 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar