3D-modell av Førde i SketchUp

Gjennom ein tredimensjonal modell er det enklare å forestille seg nye element i det offentlege rom. Arkitektfirmaet Xform har bygd opp modellen i Google SketchUp ut frå kommunen sine kartdata. Målet er å få fleire engasjert i byforming.

Modellen er interaktiv og du kan laste den ned. 

 

Framgangsmåte for å ta i bruk 3D-modellen

 

Steg 1: Installer programmet Google SketchUp (gratis nedlasting)  http://sketchup.google.com/download/

 

Steg 2: Lagre 3D-modellen, last den ned her (SKP, 22 MB)

 

Steg 3: Opne 3D-modellen i programmet Sketchup.

 

Programmet Google SketchUp er like enkelt å bruke som papir og blyant, men det finst ei rettleiing for nybyrjarar.

 

Dei som har støtta prosjektet økonomisk er Førde Framover (gjennom Sparebanken Sogn og Fjordane), Førde kommune, Xform, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sunnfjord Næringsutvikling.

Snarvegar