Verda i Sunnfjord - Sunnfjord i verda

Panelsamtale 16 - Klikk for stort bilete

Fredag 16. november 2018 inviterer Norec (tidlegare Fredskorpset) og Førdefestivalen  til ein panelsamtale i Førdehuset klokka 10.30 - 12.00.

Panelsamtale 16. november 2018 i Førdehuset

I 30 år har Førdefestivalen invitert til musikalsk mangfald gjennom slagordet Verda kjem til Førde! og i 2006 vart Førde utnemnd til Internasjonal kommune av det dåverande Fredskorpset.

 

12 år seinare bankar verda stadig kraftigare på døra uansett kvar ein er. Folk reiser meir, og verksemder og institusjonar jobbar meir med utanlandske partnarar. Verdssamfunnet jobbar saman om FN sine berekraftsmål for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane før 2030. Korleis påverkar dette Førde og Sunnfjord? Korleis ser framtida ut for dei sunnfjordingane som no er born?

 

Med dette som bakgrunn ønsker Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec - tidlegare Fredskorpset) og Førdefestivalen å invitere til ein panelsamtale i Førdehuset, Utstillingssalen 16. november, klokka 10.30 –12.00.
 

I panelet:

  • Ordførar Olve Grotle: "Førde kommune og internasjonalt arbeid"
  • Adam Dean, morsmålslærar/språkarbeidar: "Sunnfjord og eg" 
  • Arne Osland og Leonora Kleiven, United World College: "Verda i Fjaler"
  • Helge Espe, Norec: "Berekraftsmåla 2030. Ein agenda for alle"
  • Per Idar Almås, Førdefestivalen: "Kulturen si kraft i eit fleirkulturelt samfunn"

 

Velkommen!

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar