Velkommen til julaftafeiring

jul - Klikk for stort bilete Også i år vert det julefeiring på Førde Kyrkjetun sjølvaste julafta. Det vert servert tradisjonell norsk julemat, vi syng julesongar og går rundt treet, kanskje kjem også nissen med pakker til borna. Om du er åleine, har familie, er gamal eller ung så er alle invitert til å vere med denne kvelden. Festen startar klokka 17.00 og avsluttar om lag klokka 20.00. Det kostar ikkje noko å vere med, men for dei som ynskjer å gi eit bidrag til arrangementet vert det høve til det via vipps eller bøsse.

Denne julaftafeiringa er i regi av Førde kommune v/Friskliv- og frivilligsenter, Folkehelsa og Den Norske Kyrkja.

Du kan melde deg på til Friskliv- og frivilligsenteret: Telefon 476 88 025 eller via e-post til kv@forde.kommune.no

Dersom du kan tenke deg å vere frivillig på julaftafeiringa kan du kontakte Førde kyrkjekontor v/Ingvar Vagstad: Telefon 911 38 732.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar