Tilbod om gratis HPV-vaksine

Klikk for stort bilete

Alle kvinner som er fødde 1991 og seinare har frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. 

HPV-vaksine

Oppstart av programmet var i november 2016, og varer til 1. juli 2019. Første vaksine må takast innan utgangen av 2018. Vaksinen er tilrådd unge kvinner for å førebygge livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft orsaka av HPV-infeksjon. 

 
HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ikkje farleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft, og 65–100 dør av sjukdomen. Vaksinen kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.   
 
 
HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 har uvaksinerte kvinner som er fødde 1991 og seinare også fått tilbod om gratis HPV-vaksine. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser som vert gjeve i løpet av 6-12 månader, og må startast opp innan utgangen av 2018.
 
 

Organiseringa av vaksinering i Førde: 

Det vart invitert til eigne vaksinasjonskvelder hausten 2016/våren 2017, i løpet av denne perioden vart det sett 860 doser med HPV-vaksine (Cervarix). Vidare vaksinering vert gjeve ved oppmøte på Førde Legesenter eller Førde helsestasjon. Vi ber om at du på førehand ringer og bestiller time for vaksinering:
  • Førde helsestasjon tlf. 57 72 21 30
  • Førde Legesenter tlf. 57 72 21 50
 
 
Du vil bli påminna om vidare oppfølging når du får 1. vaksine. 
 

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine: Folkehelseinstituttet sine nettsider
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar