Til brukarar av legevakt og ambulanse

Klikk for stort bilete

Helse- og omsorgsdepartementet ønsker å prøve ut ein ny modell for organisering av legevakt i små- og mellomstore kommunar. Modellen skal prøvast ut i vårt distrikt. 

Datainnsamling i perioden februar 2019 til desember 2020

For å måle effekten av den nye organiseringa treng forskarane i prosjektet informasjon om befolkninga som brukar legevakt- og ambulansetenesta.
 

Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt er valt ut til å delta i pilotprosjektet. Det vert difor gjennomført datainnsamling i perioden 1. februar 2019 til 31. desember 2020 frå legevakt- og ambulansetenesta. Data som vert samla inn gjeld din kontakt og bruk av legevakt- og/eller ambulansetenesta.
 

Alle data vil bli sletta etter prosjektslutt

Regional etisk komite har godkjent innsamling av opplysningane. Opplysningane vil bli behandla i tråd med reglar om personvern og teieplikt. 

Dersom du ikkje ønsker at opplysningar som gjeld deg skal brukast i dette prosjektet kan du trekke deg utan å oppgi grunn. Du må då kontakte oss direkte.
 

Det vil i den samme perioden også bli gjennomført frivillige, anonyme brukarundersøkingar. 

 

Om du har spørsmål eller ikkje ønsker å delta, ta kontakt på:


Meir informasjon om prosjektet, datainnsamling og dine rettar finn du på nettsida til Nasjonal kompetansesenter for legevaktmedisin

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar