Sunnfjord kommune satsar på klart språk

Klikk for stort bilete

Dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020 har det siste året jobba med klart språk. Det gler oss difor stort å få tillit og støtte frå KS med nye 60 000 kroner.  

KS gir tilskot til klart språk

KS har ansvar for program for klart språk i kommunesektoren og har dei siste åra delt ut tilskot til kommunar og fylkeskommunar som jobbar med klart språk. Vi har tidlegare fått tilskot og får no 60 000 kroner til det vidare arbeidet.  
 

Ein av tre innbyggarar slit med å forstå offentleg informasjon. Derfor har KS ei satsing på klart språk i kommunesektoren. Nærare 200 kommunar og fylkeskommunar er i gang. 
 

 – Stadig fleire kommunar og fylkeskommunar ser verdien av klarspråkarbeid. Den byråkratiske skrivestilen har vore prega av tungt språk og smitte frå kompliserte lovtekstar. Klarspråk handlar om å setje seg i lesaren sin stad og skrive så folk forstår, seier områdedirektør i KS, Kristin Weidemann Wieland. Dette er eit demokratisk problem, og kan i verste fall føre til at folk ikkje får dei tenestene dei treng. 

Språkprofil og klart språk-kurs

Den økonomiske støtta frå KS har vore til god nytte for dei fire samanslåingskommunane. Rundt 120 medarbeidarar har det siste året vore på klart språk-kurs. I tillegg har vi laga ein språkprofil og omarbeidd ein del brevmalar. Nye reglement, forskrifter og planar som skal gjelde for Sunnfjord kommune har også fått seg ein språkvask.
 

Vi ser likevel at vi har mykje arbeid igjen og at det tek tid å endre skrivepraksis. Støtta som vi no har fått for 2019 kjem difor godt med.

Snarvegar