Støttegruppe for deg som er i sorg

Klikk for stort bilete

Sorggrupper er eit tilbod til deg som har mista ein nær person. Støttegruppa vil vere ein stad for å snakke om eiga sorg etter dødsfall, der du kan dele dine tankar og erfaringar med andre som har opplever liknande situasjonar. 

Tilbod om sorggrupper 

Det vil vere tilbod om sorggrupper to gonger årleg, haust og vår. Vi vil starte opp gruppe 23. oktober 2019 om det blir nok påmelde. Tilbodet gjeld for innbyggarar i nye Sunnfjord kommune. Gruppesamlingane vert leia av fagpersonar og vektlegg erfaringsdeling, men kan også ha faglege innlegg.

Tilbodet er gratis. 

Tid og stad

  • Gruppesamlingane vil vere kvar andre veke, klokka 18.30–20.00. Totalt seks samlingar. 
  • Stad:  Lærings- og meistringssenteret. Vievegen 1, 6812 Førde (ved Rema 1000)

Meld deg på til, eller ta kontakt for meir informasjon

Påmeldingsfrist 

  • 14. oktober 2019

Arrangør: Helse Førde, Den norske kyrkja og Førde kommune

Kontakt

bilde av personen: Berit  Ullebust

Berit Ullebust

Kreftkoordinator
Telefon : 57 61 28 18
Mobil: 948 24 254

Snarvegar