Sjå opptak frå informasjonsmøtet om bru over Jølstra

Bystyremøte 30. mars 2017 - Klikk for stort bilete

Fekk du ikkje med deg direktesendinga av informasjonsmøtet om bru over Jølstra i går? Du kan sjå møtet i opptak via KommuneTV.

Program, informasjonsmøte 6. desember 2017:

Medlemmer i Førde bystyre var invitert til informasjonsmøte om ny bru frå Førdehuset til Hafstadparken. 

  1. Velkommen v/ordførar
  2. Presentasjon av forprosjektet v/Førdepakken/Statens vegvesen
  3. Prinsipielle og førebelse vurderingar frå NVE, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune
  4. Spørsmål og svar, og eventuelle kommentarar
     

Førdepakken tiltak 1 - bru over Jølstra

Førdepakken/Statens vegvesen har utarbeidd eit forprosjekt for alternative vegtrasear og bru frå Angedalsvegen ved Førdehuset over til Hafstadparken. 

 

Vidare prosess i høve forprosjekt og reguleringsplan er planlagt slik:

  • forprosjekt blir vurdert etter dette møtet
  • forprosjekt blir sendt på formell høyring til mellom anna dei overorda fagmynde
  • Førde kommune førebur, og fremjar sak om planfagleg råd når høyringsuttalana ligg føre
  • planutvalet gjer vedtak i høve planfagleg råd
  • reguleringsplan blir utarbeidd
  • vanleg reguleringsprosess

 

I samband med at forprosjektet vil vere på høyring så blir det planlagd ope folkemøte på nyåret der forprosjektet vil bli presentert.

 
 

 

 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 07.12.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering