Samling for oppvekstsektoren i Sunnfjord kommune

Klikk for stort bileteFoto: Atle Holsen

Nesten 1000 tilsette var samla i Førdehuset 14. august 2019 for å høyre Ingrid Lund snakke om inkluderande barnehage- og skulemiljø.  

Inkluderande barnehage- og skulemiljø

Målgruppa for samlinga var alle tilsette i skule og barnehage i kommunane som skal bli Sunnfjord kommune. I tillegg deltok tilsette frå helse, PPT og norsksenteret. Til saman var det nesten 1000 tilsette samla i Førdehuset.

Prosjekt over to år 

Inkluderande barnehage-og skulemiljø er eit prosjekt som går over to år og alle tilsette i barnehage og skule i kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal deltek.  Målet med prosjektet er å auke dei tilsette sin kompetanse for å arbeide førebyggande, kunne avdekke og handtere mobbing og krenkande åtferd. I tillegg  har prosjektet vore ein god inngang til å samle alle tilsette innan oppvekst i Sunnfjord kommune.

Tema: Dei vaksne såg liksom berre forbi det heile

Om førelesaren Ingrid Lund
Ingrid Lund er professor i spesialpedagogikk, forfattar og familieterapeut. Lund jobbar i dag ved Universitetet i Agder på Pedagogisk Utviklingssenter (PULS). Ho har jobba i skule og barne- og ungdomspsykiatri i mange år, spesielt inn i høve til barn, unge og vaksne som utfordrar relasjonar og system.

Hennar forsking er knytt til åtferdsproblematikk og læringsmiljøutvikling, og ho har leia fleire store forskingsprosjekt. Ho rettleiar, held kurs og underviser ved universitet og høgskular, for kommunar, organisasjonar, skular og barnehagar m.m. Ho har gitt ut  fleire bøker og artiklar der tematikken er åtferd, læringsmiljøutvikling og psykisk helse.

Prosjektleiar i Sunnfjord kommune

Kommunalsjef for barnehage Kristine Steindal

Snarvegar