Resultat på brukarundersøkingar 2018

Korleis opplever du som brukar kvaliteten på vårt arbeid? Dette er eit spørsmål vi stiller med jamne mellomrom. I 2018 har vi gjennomført brukarundersøkingar på helsestasjonen, psykiatritenesta, Førde helsetun, heimetenesta og bu- og miljøtenesta. Vi presenterer her dei resultata som er klare. Undersøkingane i heimetenesta og bu- og miljøteneste er nettopp avslutta og vil difor bli presentert seinare. 

Standard spørjeskjema 

Vi nyttar bedrekommune.no sine spørjeskjema for brukarundersøkingar. Ved å bruke dette verktøyet kan vi samanlikne oss med andre kommunar som brukar same spørjeskjema, og vi kan samanlikne våre eigne resultat over tid. Brukarane svarar på ein skala frå 1 til 6, eller frå 1 til 4 om kor nøgde dei er med tenestene våre. 

 

Helsestasjonen, foreldre/føresette til barn 0–5 år

Frå 5. mars 2018 og nokre veker framover vart foreldre/føresette til barn i aldersgruppa 0 til 5 år bedd om å fylle ut eit spørjeskjema etter besøket sitt på helsestasjonen. Vi fekk svar frå 46 personar. Undersøkinga er tidlegare gjennomført i 2010, 2012 og 2014. 

Skalaen går frå 1 til 6, der 6 er best. 

Resultat brukarundersøking helsestasjonen for barn 0 - 5 år
Per dimensjon 2010 2012 2014 2018

Landssnitt

2018*

Resultat for brukar 4,8 5,1 5,2 5,2 5,1
Brukarmedverknad 4,7 5,1 5,1 5,3 5,1
Respektfull behandling 5,4 5,6 5,6 5,8 5,6
Pålitelegheit og kompetanse 5,3 5,3 5,4 5,5 5,4
Tilgjenge 5,1 5,3 5,4 5,5 5,3
Informasjon 5,0 5,3 5,2 5,4 5,2
Samordning 4,1 4,7 5,2 4,7 5,1
Heilskapsvurdering 5,3 5,5 5,5 5,6 5,5
Snitt totalt 5,0 5,3 5,3 5,4 5,3

* 10 kommunar er med i landssnittet
 

> Sjå resultat per spørsmål i 2018 for brukarundersøking for helsestasjon 0–5 år (PDF, 104 kB)

 

Helsestasjon for ungdom

Frå 5. mars og nokre veker framover vart dei som besøkte helsestasjon for ungdom bedd om å fylle ut eit spørjeskjema etter besøket sitt. Vi fekk svar frå 30 personar. Undersøkinga er tidlegare gjennomført i  2014.

Skalaen går frå 1 til 4, der 4 er best. 

Resultat brukarundersøking helsestasjon for ungdom
Per dimensjon 2014 2018
Tilgjengelegheit 3,7 3,5
Informasjon 3,8 3,6
Respektfull behandling 4,0 3,9
Resultat for brukar 3,8 3,8
Heilskapsvurdering 3,9 3,9
Snitt totalt 3,8 3,7

 

Det er berre Førde kommune som har gjennomført undersøkinga fram til no i 2018 og vi har difor ingen tal frå andre kommunar å samanlikne oss med. 

 

> Sjå resultat per spørsmål i 2018 for brukarundersøking helsestasjon for ungdom (PDF, 100 kB)

 

Psykiatritenesta

Vi sende ut 100 spørjeskjema til dei som har tenester frå psykiatritenesta som er 18 år eller eldre. Vi fekk 32 svar, det vil seie 32 % svarprosent. Dei som ønskte hjelp til å fylle ut skjema har fått det av studentar ved psykiatritenesta. Undersøkinga er tidlegare gjennomført i 2007, 2011, 2013 og 2015.

 

Skalaen går frå 1 til 4, der 4 er best. 

Resultat brukarundersøking psykiatritenesta
Per dimensjon 2007 2011 2013 2015 2018 Landssnitt 
2018*
Resultat for brukaren 2,9 2,9 3,2 3,3 3,4 3,4
Brukarmedverknad 3,1 3,0 3,3 3,5 3,1 3,0
Respektfull behandling 3,5 3,4 3,7 3,7 3,5 3,6
Informasjon 2,8 2,9 3,1 3,2 3,5 3,5
Fysisk miljø** 3,3 3,4        
Personalet sin kompetanse 3,5 3,4 3,7 3,7 3,4 3,5
Samordning mot andre tenester 3,2 3,0 3,6 3,4 3,7 3,7
Generelt 3,3 3,1 3,7 3,7 3,5 3,4
Tilgjengelegheit***     3,4 3,5 3,6 3,6
Snitt totalt 3,2 3,1 3,5 3,5 3,4 3,4

* 14 kommunar er med i landssnittet
** Fysisk miljø er tatt ut av standardundersøkingane frå 2013 
*** Tilgjengelegheit er tatt inn som ein ny dimensjon frå 2013

 

> Sjå resultat per spørsmål i 2018 for brukarundersøking i psykiatritenesta  (PDF, 104 kB)
 

Førde helsetun, bebuarar

I 2018 har 10 bebuarar blitt intervjua. Undersøkinga er tidlegare gjennomført i 2006, 2009, 2011, 2013 og 2015. På grunn av endring av spørsmålsstillinga i undersøkinga er berre 2013 og 2015 tatt med som samanlikningsgrunnlag. 

 

Skalaen går frå 1 til 6, der 6 er best. 

Resultat brukarundersøking bebuarar Førde helsetun
Per dimensjon 2013 2015 2018 Landssnitt
2018*
Resultat for bebuaren 4,9 4,9 4,9 5,0
Trivsel 5,0 5,3 5,2 5,3
Brukarmedverkand 4,3 4,7 4,6 5,0
Respektfull behandling 5,3 5,6 5,3 5,4
Tilgjengelegheit 4,2 4,6 4,6 5,1
Informasjon 4,9 4,3 4,6 4,9
Heilheitsvurdering 5,0 5,4 5,4 5,4
Snitt totalt 4,8 4,9 4,9 5,1

* 11 kommunar er med i landssnittet
 

> Sjå resultat per spørsmål, brukarundersøking blant bebuarar på Førde helsetun i 2018 (PDF, 100 kB)
 

Førde helsetun, pårørande

Vi sende spørjeskjema til 53 pårørande og fekk svar frå 30 personar. Det gir ein svarprosent på 57 %. Undersøkinga er tidlegare gjennomført i 2006, 2009, 2011, 2013 og 2015. På grunn av endring av spørsmålsstillinga i standardundersøkinga er berre 2013 og 2015 tatt med som samanlikningsgrunnlag. 

 

Skalaen går frå 1 til 6, der 6 er best. 
 

Resultat brukarundersøking blant pårørande Førde helsetun
Per dimensjon 2013 2015 2018 Landssnitt
2018*
Resultat for bebuaren 4,1 3,8 4,5 4,5
Trivsel 4,6 4,3 5,0 4,8
Brukarmedverknad 3,9 3,6 4,4 4,3
Respektfull behandling 4,8 4,7 5,4 5,1
Tilgjengelegheit 4,5 4,3 4,8 4,8
Informajson 4,2 4,0 4,7 4,5
Heilheitsvurdering 4,7 4,8 5,4 5,0
Snitt totalt 4,3 4,1 4,7 4,6

* 22 kommunar er med i landssnittet

 

Etter førre undersøking i 2015 har det vore sett i gang eit pårørandeprosjekt ved Førde helsetun. Det er difor svært gledeleg å sjå at resultatet på årets brukarundersøking har gått fram på alle områda. Her kan du kan lese meir om pårørandeprosjektet på Førde helsetun.  

 

> Sjå resultat per spørsmål, brukarundersøking blant pårørande på Førde helsetun 2018 (PDF, 104 kB)

 

Oppsummering av resultat i 2018

Jamt over får vi særs gode tilbakemeldingar frå brukarane våre, og vi ser positiv utvikling over tid. Helsestasjonen for barn har sidan vi starta med undersøkingane i 2010 hatt høg skår. Det at resultata viser framgang i 2018 og ligg over landssnittet er svært gledeleg. Dette viser at tenesta klarar å halde oppe innsatsen over tid. Tenestene som helsestasjonen for ungdom yter er òg brukarane svært nøgde med. 

 

Brukarundersøkinga innan psykatritenesta har hatt fin framgang frå første gong vi gjennomførte undersøkinga i 2007. Innsatsen på "informasjon" og "samordning" ser ut til å ha hatt effekt. Likevel må tenesta jobbe hardt for å halde oppe brukartilfredsheiten på alle områda framover. 

 

I år er det spesielt brukarundersøkinga blant pårørande på Førde helsetun som har hatt stor framgang frå sist gjennomført undersøking i 2015. Vi trur at dette har nær samanheng med pårørandeprosjektet som har foregått på Førde helsetun. 

 

Viktig å få tilbakemelding frå deg som brukar

Vi er opptekne av kvalitet i våre tenester og ønsker stadig å bli betre. Resultata på brukarundersøkingane vert difor studert nøye for å bli betre der vi kan, og ikkje minst halde oppe innsatsen på det vi er gode på. Vi veit vi må jobbe hardt heile tida for å ha god kvalitet på alle våre tenester og møte brukarane sitt forventningsnivå. 

 

Vi takkar alle som har tatt seg tid til å svare på årets undersøking.

 

Sjå også

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av personen: Marit Kleiven

Marit Kleiven

Rådgjevar
Telefon : 57 61 26 58

Snarvegar