Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Klikk for stort bileteFellesnemnda for Sunnfjord kommune vedtok i møte 18. september 2019 å legge forslag til plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2020–2023 ut på høyring og offentleg ettersyn. 

Dialogmøte i Førdehuset 22. oktober 2019

I samband med høyringsrunden av planforslaget inviterer vi til eit ope dialogmøte. På møtet vil kommunen, fylkeskommunen, Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane og Idrettskrinsen Sogn og Fjordane delta. 

  • Stad: Førdehuset, Utstillingssalen
  • Dato: tysdag 22. oktober
  • Klokka 18.00–21.00

Involvering står sentralt i møtet. Det blir gruppearbeid og plenumsdiskusjonar der dei frammøtte vert inviterte til å delta.

Høyringsfrist 

Fristen for å gi innspel til forslaget er 7. november 2019.

Slik sender du innspel

Merk innspela Sunnfjord kommune, arkivnummer 19/12. 

Snarvegar