Påmelding til Dans Uten Grenser 2019/2020

Klikk for stort bileteDans Uten Grenser Eli Britt Danielsen

No kan du melde deg på Dans Uten Grenser for skuleåret 2019/2020. Det er avgrensa tal plassar, så her må du vere rask. 

Påmeldingsfrist 20. august 2019

I år er det elektronisk påmelding til Dans Uten Grenser i Førde. Det er avgrensa tal plassar på kvar gruppe. Du vil få automatisk melding om det er fullt på den gruppa du ønsker. Du kan sette deg opp på venteliste. Vi tek inn nye elevar frå ventelista ein månad inn i nytt semester. 

Påmelding til Dans Uten Grenser 2019

Timeplan hausten 2019

 
Tidspunkt Måndag Tysdag Onsdag Torsdag
kl. 16.00 6. klasse   9. klasse
kl. 15.30-17.00
5. klasse
kl. 17.00 1.-2. klasse   Gutar 1.- 4. klasse 4. klasse
kl. 18.00 3. klasse 7. klasse 3. klasse 1.- 2. klasse
kl. 19.00 Gutar 5.- 8. klasse   7. klasse 6. klasse
kl. 20.00

10. klasse- 3 vgs.

kl. 20.00 - 21.30

    8. klasse

 

Om Dans Uten Grenser Førde

Dans Uten Grenser held til på Skrivarløa, og tilbyr danseundervisning til jenter og gutar frå 1. klasse i grunnskulen og til og med 3. klasse i vidaregåande skule. Dans Uten Grenser er ein inkluderande organisasjon som er drifta av frivillige ung- instruktørar i alderen 13–19 år.


Opplæringa av instruktørar og instruktøren sitt arbeid er basert på ung- til-ung formidling, der unge sjølv lærer opp andre barn og unge innanfor koreografi og danseteknikkar, samstundes som dei skal vere gode rollemodellar med gode verdiar og haldningar. Målet er å gje barn og unge danseglede og meistringsevne. Elevane får vere med på ei framsyning i Førdehuset kvart semester, der elevar saman med instruktørane får vist fram kva dei har jobba med. 
 

Reglar om påmelding og opptak

Hovudopptaket skjer gjennom elektronisk påmelding med påmeldingsfrist 20. august. Du har høve til å sette deg på venteliste dersom gruppa er full. Vi tek inn nye elevar ein månad inn i nytt semester. Prioriteringane skjer etter kva plass du har på ventelista.

Har du fått plass og delteke meir enn to gongar må heile semesteravgifta betalast. Har du gløymt å seie opp plassen innan 15. mai må du betale heile haustsemesteravgifta. Elevar som har plass treng ikkje søke på nytt kvart år. Vaksenleiar har ansvar for opptaket.

Søknad- og oppseiingsfristar

Pris kvart semester 

  • 1.–8. klasse: 600 kroner for 1 time, 
  • 9. klasse– vidaregåande elevar: 650 kroner for 1,5 time.          

Har du spørsmål om Dans Uten Grenser i Førde?

Ta kontakt med

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram: dug_karma
 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar