Opning av dagsturhytta 27. april 2019

Klikk for stort bilete

Laurdag 27. april er det offisiell opning av dagsturhytta Gyttakvia. Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde kommune inviterer til folkefest til dagsturhytta klokka 13.00 og gratis foredrag med Aleksander Gamme klokka 16.00 i Førdehuset. Ta med deg familien og bli med på tur denne dagen!

Feiring av dagsturhyttene 

Eventyraren Aleksander Gamme er på tur til fleire av dagsturhyttene i fylket. Laurdag 27. april er turen komen til Førde og dagsturhytta Gyttakvia. Møt opp ved hytta klokka 13.00. Ta med eigen mat og drikke, så ordnar vi premieutdeling og god stemning.

Foredraget med Gamme klokka 16.00 om folkehelse og korleis bruke naturen som rekreasjon er gratis. Vi treng likevel påmelding for å vite kor mange personar som er til stades i Førdehuset. Meld deg på til arrangør Sparebanken Sogn og Fjordane

 

Dagsturhytta Gyttakvia

Dagsturhytta Gyttakvia ligg veldig flott til med nydeleg utsikt over Førde og har allereie blitt eit populært turmål. Barnehagar, skuleklassar og turfolk i alle aldrar brukar turstien opp til hytta flittig. Det er kjekt å sjå! 

 

Hytta ligg på stien frå Vieåsen, mot Viefjellet, ca 250 moh. Det tar ca 20 minuttars gange frå parkeringsplassen i krysset ved aktivitetsparken i Vieåsen. Herifrå følgjer du turvegen langs parken 100 meter før turvegen svingar opp mot Viefjellet. 
 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar