Ole John Østenstad er tilsett som ny rådmann

Førde rådhus, rådmann Ole John Østenstad - Klikk for stort bilete

Fellesnemnda vedtok samrøystes 13. desember 2017 at Ole John Østenstad blir rådmann i ny kommune i indre Sunnfjord. 

Vedtaket  er i samvar med innstillingsutvalet og Skagerak Consulting si tilråding. Ole John vert også prosjektleiar for reformarbeidet fram mot 2020.

 

Utvalet har lagt vekt på å rekruttere ein prosjektleiar/rådmann med strategiske evner, gode leiareigenskapar, personlege eigenskaper og vilje til å leie den nye kommunen i indre Sunnfjord kommune gjennom det pågåande omstillingsarbeidet for å bygge den nye kommunen til beste for innbyggjarane, næringslivet og medarbeidarane.

 

Østenstad har brei og solid utdanning, yrkeserfaring og vilje til å bygge eit leiarteam som tek eit felles ansvar for å utvikle ein ny og framtidsretta kommune.

 

Her finn du saksframlegget frå innstilingsutvalet om tilsetting av rådmann i ny kommune

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 15.12.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering