Odd Helge Vågseth er politikontakt i Førde og Naustdal

Frå 15. juni 2017 vart det etablert politikontakt for alle kommunar i Vest politidistrikt. Politioverbetjent Odd Helge Vågseth er politikontakt i Førde og Naustdal. Bjarne Brudevoll i Gaular og Knut Skurtveit i Jølster kommune. 

Bindeledd mellom kommunen og politiet

Politikontakten skal vere eit bindeledd mellom kommunen og politiet i kriminalitetsførebyggande arbeid. Kontakten skal vere ein pådrivar for at politiråd og SLT-samarbeid fungerer godt. SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus- og kriminalitet.
 

Gjennom oppretting av politikontakt for alle kommunar er arbeidet med førebygging meir formalisert, mellom anna med meir standardiserte arbeidsoppgåver og krav. 

 

Politikontaktane vil ha ansvar for:

  • å jobbe tettare og meir systematisk med kommunen
  • inngå forpliktande avtalar med kommunen om beredskap og førebygging
  • etablere faste møtepunkt mellom kommune og politi

     

Politirådet i Førde kommune

Politikontakten sitt arbeid og funksjon må sjåast i samanheng med politiråda. Politiråda er politiet og kommunane sitt formaliserte samarbeidsforum:
  • for det lokalkriminalitetsførebyggande arbeidet
  • for samordning av aktuelle beredskapsplanar
  • for arbeid med sikkerheit i samfunnet 
 
I Førde kommune består politirådet av ordførar, rådmann, kommunalsjefane, lensmann, politikontakt, ungdomsleiar og SLT koordinator. 
 
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar