No er det gratis WiFi i Førdehuset

Klikk for stort bilete

Førde kommune har fått 150 000 kroner i tilskot frå EU til å etablere WiFi4EU. No er gratis WiFi på plass i publikumssoner i Førdehuset. 

WiFi i Førdehuset

Det har vore eit mål å kunne tilby publikumsnettet til det store innrykket av gjester som kjem til Førdefestivalen 3.-7. juli 2019. 

Atea AS har levert den tekniske løysinga og den var i drift 12. juni 2019. No kan vi tilby gratis WiFi med god kapasitet i publikumssoner i Førdehuset. Sonene du kan bruke det trådlause nettet er i kaféane, vrimlearealet, biblioteket, idrettshallen, Festsalen og musikkrommet. 

Gå inn på det nettet som heiter WiFi4EU og kryss av på boksen som kjem opp og du er kopla på.

Om WiFi4EU

Ei ny EU-finansiert støtteordning kalt WiFi4EU vart lansert i Norge i 2018. Norske kommunar kan søke om tilskot for å tilby gratis WiFi-soner til innbyggarar og besøkande på sentrale område og offentlege bygningar i kommunen. Vi søkte i 2018 og var ein av dei første kommunane i landet som fekk tilskot til WiFi4EU.

Støtteordninga er ein del av EU sin strategi for eit digitalt indre marked og det er sett av 120 millionar Euro fram til år 2020. Målet er å finansiere utbygging av WiFi-soner i 6000-8000 kommunar i Europa.

Snarvegar