Meld deg på sykle til jobben 2018

Sykle til jobben 2018 - Klikk for stort bilete

Torsdag 19. april går startskotet for Sykle til jobben 2018. 

Gratis å melde seg på i Førde

Det er gratis for alle som jobbar eller bur i Førde kommune å delta på den landsomfattande aksjonen "Sykle til jobben". 

 

Årets aksjon varer frå 19. april til 17. juni. Alle som deltek vert med på trekning av flotte premiar. I år kan du òg laste ned Sykle til jobben-appen som gjer det enklare å registrere aktiviteten din. 


> Slik deltek du og her kan du melde deg på

 

All aktivitet gir poeng

Det er ikkje berre når du syklar eller går til jobben du får poeng. Registrer sykkel- og fjellturar, kveldsturar med hunden eller ei hard økt på treningsstudio – alle aktivitetar gir poeng i aksjonen. 

 

Lukke til! 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Doris Rutledal

Folkehelsekoordinator
Telefon : 57 61 26 61
Mobil: 960 13 776

Snarvegar