Kulturnatt i Førde 1. juni 2018

Kulturnatt 1 - Klikk for stort bilete

Få med deg kulturnatt i Førde fredag 1. juni! Her blir det eit yrande liv i og rundt sentrum  – og alle arrangement er gratis. 

Bli med på kulturnatt

Ta med venner, barn, ungdommar, besteforeldre og naboen og bli med ut i kulturnatta på årets lysaste tid. Denne kvelden og natta kan du vandre gjennom byen frå oppleving til oppleving. 

 

Initiativet kjem frå Førde kulturskule som har fått med seg Førdehuset, Larris scene, Kino Førde, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sogn og Fjordane Teater, Førde kyrkje og mange andre for å vise fram kva kulturlivet i Sunnfjord har å by på. 

 

Kor, korps, band, kunstnarar, turlag, kajakklubb, kino, dans – det vert eit mangfald og eit yrande liv i og rundt sentrum – og DU er velkommen til å vere med!

 

Fleire ting skjer samtidig 

Det vil vere fleire arrangementsplassar. For at du skal få med deg mest mogleg er det sett opp arrangement kvar heile time. Kvart arrangement varer i maks 45 minutt, slik at du rekk å flytte deg til neste arrangement før det startar. 
 

Følg med på facebookarrangementet for oppdateringar og detaljert program for kulturnatta i Førde 1. juni. 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar