Informasjonsmøte om utfasing av oljefyring 22. november 2017

oljefri illustrasjon - Klikk for stort bilete

Fyring med fossil olje og parafin blir forbode frå 1. januar 2020. Vi ønskjer å legge til rette for trygg og enkel utfasing av fossil oljefyring. Difor inviterer vi til eit ope informasjonsmøte onsdag 22. november 2017, kl. 19:00–21:00 i Førde rådhus, bystyresalen 4. etasje. 

Program for informasjonsmøte

  • Velkomen
  • Kva er problemet med fossil oljefyring?
  • Risiko og ansvar med oljetank
  • Fornybare alternativ til fossil oljefyring
  • Økonomisk støtte til å slutte med oljefyring og investering i energismarte tiltak. Ein kort presentasjon av Enova-tilskotet
  • Spørsmål og informasjon

Arrangør: Førde kommune og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
 

Last ned informasjonsbrev om utfasing av oljefyring (PDF, 241 kB)

Skjema - registrering av nedgravde oljetankar  (DOCX, 17 kB)

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 14.11.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering