Informasjonsmøte - Førdepakken - reguleringsplanar til høyring

Illustrasjon av nye Langebruvegen, Statens vegvesen - Klikk for stort bileteIllustrasjon av nye Langebruvegen, Statens vegvesen

Det er vedteke utlegging til høyring og offentleg ettersyn av detaljreguleringsplanar for tiltak i Førdepakken. Det er planlagd tre informasjonsmøte for å informere om planane og planarbeidet:

Detaljregulering Indre Øyrane - Langebruvegen, ny veg, sykkelveg og fortau

Det blir invitert til informasjonsmøte om reguleringsplanen onsdag 23. august 2017, kl. 19:00–21:00 i Førdehuset, Festsalen. Det blir høve til eventuelle eigne møte for å drøfte eigne tilhøve til planen, torsdag 24.august kl. 08:00–11:00 i Statens vegvesen sine lokale i Langebruvegen 28 (3. høgda i Rødekorsbygget).

Her finn du kunngjering av planen Indre Øyrane - Langebruvegen 
 

Detaljregulering Hafstadparken - Kronborgvegen, gang- og sykkelveg

Det blir invitert til informasjonsmøte om reguleringsplanen torsdag 24. august 2017, kl. 19:0021:00 i Førdehuset, Utstillingssalen. Det blir høve til eventuelle eigne møte for å drøfte eigne tilhøve til planen, fredag 25.august kl. 0800 – 1100 i Statens vegvesen sine lokale i Langebruvegen 28 (3. høgda i Rødekorsbygget).

Her finn du kunngjering av planen Hafstadparken - Kronborgvegen
 

Detaljregulering rv. 5 Klettatunnelen, gang- og sykkeltunnel

Det blir invitert til informasjonsmøte om reguleringsplanen tysdag 29. august 2017, kl. 19:0021:00 i Kletten grendahus. Det blir høve til eventuelle eigne møte for å drøfte eigne tilhøve til planen, onsdag 30.august kl. 0800 – 1100 i Statens vegvesen sine lokale i Langebruvegen 28 (3. høgda i Rødekorsbygget).

Her finn du kunngjering av planen rv. 5 Klettatunnelen

Publisert av Arve Seger. Sist endra 22.08.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering