Helge Sæterdal vert takka for innsatsen i Førde kommune

Klikk for stort bilete Atle Holsen

Helge Sæterdal mellom konstituert rådmann Lise Mari Haugen i Førde kommune og kommunedirektør for Sunnfjord kommune Ole John Østenstad. 

Helge Sæterdal blir pensjonist

Kommunalsjef for skule og barnehage, Helge Sæterdal, går no over til pensjonistlivet. Han vart takka av med mange godord og ros både i bystyret og på avslutningsfesten 26. september 2019.
 

Etter over 30 års innsats i Førde kommune har han fram for nokon vore med å skape omgrepet "Førdeskulen", som er kjent over heile landet. Dette er namnet på skule- og barnehagane våre som år etter år har vore mellom dei beste i landet, noko som òg er slått fast i Kommunebarometeret. 
 

Helge takkar alle dei som har arbeidd i skule- og barnehagesektoren i alle desse åra, og som har skapt dei gode resultata. No er det Sunnfjord kommune som overtar dei gode skulane og barnehagane våre, og som skal få fram det beste vi har i alle dei fire kommunane. 
 

Tusen takk for ein enorm innsats, Helge!

Snarvegar