Har du fått naturskade på eigedomen din?

Klikk for stort bilete Stein Mortensbakke

For å søke om naturskadeerstatning etter uvêret tysdag 30. juli er det særs viktig at du tek bilete av skadane – ta heller for mange enn for få. 

Kva skadar vert dekka av Statens naturskadeordning?

Statens naturskadeordning gir deg erstatning for objekt som ikkje er mogleg å forsikre gjennom alminneleg privat forsikring. Dette kan vere vegar, bruer, jord- og skogbruksareal. Vanlege forsikringar dekker skade på mellom anna hus, innbu, hageanlegg, bilar, maskiner, utstyr og båtar.

Slik søker du om naturskadeerstatning

Fristen for å søke er 3 månader etter skaden har skjedd. Du søker digitalt og det er viktig at du legg ved fyldig dokumentasjon på skadane. 

Send søknad via nettsida til Statens naturskadeordning

Kostnadsrammer for skadane

Dersom kostnadane er under 50 000 kroner kan du dokumentere dette med eige oppsett og bilete. Ved større kostnadar må det leggast ved anbod, og dersom kostnadane er over 200 000 kroner skal det dokumenterast med minst 2 anbod eller takstrapport frå autorisert takstmann. 

Snarvegar