Gåturar med styrketrening

Klikk for stort bilete

Bli med på gåturar i sentrum med innlagt styrketrening! 

Trim i sentrum

Førde sin frisklivssentral, vil ha deg opp av godstolen og ut på tur. Frisklivssentralen, Indre Sunnfjord Turlag og Puls har difor gått saman om å tilby gåturar med innlagt styrketrening undervegs. 

 

Gratis tilbod som passar for alle

Tilbodet er gratis og er eigna for folk i alle aldre - og ideell for deg som rett og slett berre treng å kome deg ut av godstolen og ut i frisk luft. Turane går i sentrum og dermed i stort sett flatt terreng. 

Det vert lagt opp til at spesielt eldre kan delta. 

 

Tid og stad for oppmøte

Fast oppmøte er måndagar kl. 17.00 ved Laksen på Festplassen. Turane vil vare om lag ein time. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Camilla Søvig

Frisklivskoordinator
Telefon : 476 88 025

Snarvegar