Forslag til byggeskikkprisen 2017?

Sogn og Fjordane Kunstmuseum fekk byggeskikkprisen i 2014 - Klikk for stort bileteSogn og Fjordane Kunstmuseum fekk byggeskikkprisen i 2014 Oskar Andersen

Send inn forslag til årets byggeskikkpris innan 28. mai 2017

Opent tema i år

Du får fritt spelerom til å kome med forslag til byggeskikkprisen i 2017. I år er det ikkje noko spesielt tema for byggeskikkprisen. 

 

Det kan vere eit byggverk av ulikt slag, ein konstruksjon, eit handfast, fysisk tiltak for å auke kvaliteten, skape eit godt miljø eller forskjønne eit område. Forslaga treng ikkje vere eit byggverk, men kan vere eit tun, eit offentleg rom eller eit burettslag. Husk at du også kan foreslå gode rehabiliteringsprosjekt. 

 

Prisen vert delt ut i bystyremøte 15. juni 2017.


Forslagsfrist

Frist for å komme med forslag og ei kort grunngjeving er søndag 28. mai 2017
 

Send forslag til:

 

Kven har fått prisen før?

Byggeskikkprisen Førde kommune Byggeskikkprisen vart først delt ut i 2005, og har sidan vore delt ut kvart år.
Byggeskikkprisen Førde kommune
ÅrstalTemaVinnar
2005Kontor- og forretningsbyggHafstadvegen 76 (YIT og BMW). Byggherre: Magne Hafstad Eigedom AS. Arkitekt: Christina Kvamme
2006TunmiljøGunnar Jan Gjerland for gardstun i Haukedalen
2007Bustad i ulike formerBustadblokker på Bergum, Hornnesvegen 39 og 41. Byggherre: Åsen & Øvrelid AS. Arkitekt: Arki arkitekter AS
2008Gode møteplassarKulpen på Ytre Hafstad. Mottakar: Ytre Hafstad Grannelag
2009Sentrumsnært tiltak der det er lagt vekt på trivsel og samsepl med omgjevnadenRestaurantbygget Pikant. Byggherre: Bøkely AS. Arkitekt: Jan Ludvig Hundvebakke
2010Restaureringsprosjekt bygd på gode handverksmessige tradisjonarAnn Sølvi Vonen og Ola Kvaal
2011Barnehagar og utdanningsinstitusjonarHøgskulen i Sogn og Fjordane, avd. Førde. Byggherre: Statsbygg. Arkitekt: Link Arkitekter AS, Flataker Landskap (utomhus)
2012BuformerLindbøen 2, bustadblokk. Byggherre: Lindbøen Eigedom AS. Arkitekt: Arki arkitekter AS
2013Ikkje noko spesielt temaBlomreina gravplass. Byggherre: Førde kommune/Førde kyrkjelege fellesråd. Arkitekt: Grindaker AS Landskapsarkitekter
2014Ikkje noko spesielt temaKunstmuseet. Byggherre: Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune. Arkitekt: CF Møller Norge AS
2015Ikkje noko spesielt temaRehabilitering av blokkene på Bergum. Byggherre: Bergum Burettslag. Arkitekt: ARKI arkitektar AS
2016Moderne arkitektur til bustadføremålVilla H, Øvre Fossheim 4. Byggherre: Bjørnar Hillestad og Cecilie Blindheim Hillestad. Arkiteket: Xform AS v/Tore Hillestad
 

Byggeskikkprisen består av diplom og plakett, og vert delt ut i bystyremøte i juni.
 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Tore Gjelsvik på tlf. 57 61 27 29/ 959 89 617 for nærare opplysningar. 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 19.05.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering