Førehandsrøysting frå 12. august 2019

Klikk for stort bilete

Frå 12. august kan du førehandsrøyste på servicetorget i Førde rådhus. Du treng ikkje ta med deg valkort for å røyste, men det går raskare om du gjer det. Legitimasjon må du ha med!

Førehandsrøysting frå 12. august på servicetorget

Frå måndag 12. august og til og med 6. september 2019 kan du førehandsrøyste. I denne perioden kan du røyste i det førehandsrøystelokalet du ønskjer, i heile landet. Finn vallokale i kommunen du bur i her: https://valg.no/valglokaler/ 

Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på røystegjevinga. Det betyr at om du førehandsrøystar, så kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen 9. september.

I nye Sunnfjord kommune kan du førehandsrøyste ved servicetorga i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.

Opningstider servicetorget, Førde rådhus

  • måndag til fredag veke 33, 34 og 35: kl. 08.00–15.15
  • måndag til onsdag veke 36: kl. 08.00–16.00
  • torsdag veke 36: kl. 08.00–17.00
  • Fredag veke 36: kl. 08.00–18.00

Nytt i år er at du også kan førehandsrøyste laurdag 31. august, kl. 12.00–16.00 på skywalken. 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar