Førdepakken og E39

Utsiktsbilde 2 Hornnes - Klikk for stort bilete

I fleire samanhengar blir det sagt at Førdepakken ikkje vil løyse trafikkproblema i Førde, og at desse berre kan løysast ved ei omlegging av E39. Faglege vurderingar Førde kommune og Statens vegvesen har fått gjennomført i fleire omgangar dei siste 15-20 åra viser at dette ikkje er rett. 

Ingar Hals, Prosjektleiar Førdepakken, Statens vegvesen:

 
- Trafikkmengda på E39 sør og nord for Førde er om lag 4 000 køyretøy i døgnet, av desse skal 60 – 70 % til Førde. Trafikkmengda i Fjellvegen i Førde er over 13 000 køyretøy i døgnet, slik at ein stor del av trafikken er lokaltrafikk i Førde. Ei omlegging av E39 vil redusere dette med berre om lag 2 000 køyretøy. Omlegging av E39 er derfor eit viktig prosjekt for gjennomgangstrafikken, men løyser ikkje trafikkproblema i Førde sentrum.
 
 
Våre vurderingar er derfor at framtidige trafikkproblem i Førde sentrum med fortsatt trafikkvekst fram mot 2040 må løysast med tiltak lokalt i Førde. Det trengst fleire vegar, slik at ein kan fordele trafikken betre, og avlaste dagens vegkryss i Naustdalsvegen og Fjellvegen.
 
 
I denne samanheng er særskilt tiltaka med bru over Jølstra ved Førdehuset og det nye sambandet frå Langebruvegen til Indre Øyrane viktige. Desse vegane har i tillegg den viktige funksjonen at dei løyser ut utbyggingsareal nært sentrum i Førde. Dermed legg ein til rette for ei fortetting i tråd med Førde kommune sin kommuneplan, og reduserer transportbehovet i framtida. Vegane vil bli utforma slik at framtidig gjennomgangstrafikk og tungtrafikk skal nytte Fjellvegen/Naustdalsvegen.
 
 
 
Fleire av tiltaka i Førdepakken skal leggje betre til rette for gåande og syklande. Dette er viktig med tanke på framtidig omfang av trafikk med bil, og vil gje betre flyt i trafikken ved at det blir eit klårare skilje mellom bilistar, fotgjengarar og syklistar.
 
 
Førde kommune og Statens vegvesen står samla bak desse vurderingane. Vi er trygge på at tiltaka i Førdepakken vil leggje til rette for eit velfungerande og miljøvennleg trafikksystem i Førde. Så håper og vi på at omlegging av E39 vil kome om ikkje alt for lenge, dette er eit viktig tiltak for gjennomgangstrafikken!
 
 

Les meir om Førdepakken:

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 21.04.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering