Førdefestivalen er ein av dei beste festivalane i Europa

Klikk for stort bilete

Torsdag 26. september 2019 fekk Førdefestivalen tildelt the EFFE festival award 2019. Stolte prisvinnarar er frå venstre Ivar Svensøy (representerer Førde kommune), Torill Faleide (frå festivalen), festivaldirektør Per Idar Almås og tidlegare festivaldirektør Hilde Bjørkum. 

Europeisk pris til Førdefestivalen

Totalt var det 800 festivalar som søkte om å bli tildelt prisen for 2019, 24 var med i finalehitet og 5 fekk pris. Førdefestivalen er ein av dei som til slutt vart heidra med pris. 

Prisen er frå EFFE (Europe for Festivals, Festivals for Europe), ein organisasjon som årleg deler ut kvalitetsstempel til europeiske festivalar.

Festival som satsar på kvalitet

I grunngjevinga for tildeling av prisen er det framheva at kvalitet står høgt i festivalen, at festivalen er flinke til å finne nye artistar og utvikle nye ting. 

Det er første gong festivalen får denne prisen og festivaldirektør Almås seier at det heng høgt å få ei slik utmerking.

- Det er ei fantastisk anerkjenning. Det viser at vi betyr noko, og at vi er gode på det vi held på med, seier festivaldirektør Per Idar Almås.

Prisen vart delt ut i Brussel på EFFE Festival Award.

Snarvegar