Førde kommune nr 1 i Kommunebarometeret

Kommunal Rapport har publisert endeleg Kommunebarometer basert på resultata i 2017, og Førde kommune klatrar i år heilt til topps. Dette betyr at vi leverer gode tenester til innbyggarane våre – ja faktisk er vi best i landet.

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

Som rådmann har eg har i mange år lagt vekt på nasjonale resultatsindikatorar, nøkkeltal og resultat frå ulike brukar-, elev- og medarbeidarundersøkingar. Ikkje fordi dette er ein konkurranse, men fordi dei gir grunnlag for refleksjon og endring – er det kommunar som er flinkare enn oss, løyser oppgåvene betre enn oss eller som vi kan lære noko av? Ved å heile tida tenke at vi kan gjere tinga betre og at vi kan lære av andre, endrar vi oss og blir gradvis betre. Sjølv om det er kjekt å vere beste kommunen i 2018 kan vi ikkje kvile på laurbæra. Også dei andre kommunane blir betre og innbyggarane våre har stadig større forventningar til oss, så vi kan ikkje slutte med å bli betre.

Det er mange grunnar til at Førde kommune i fleire år har ligge høgt på Kommunebarometeret, men den aller viktigaste er flinke og ansvarsbevisste medarbeidarar og leiarar som trivst med å jobbe i Førde kommune. Kvar dag blir eg imponert over kor mange flinke og dedikerte tilsette eg møter i dei kommunale einingane.

Men det er også viktig å trekke fram forholdet til dei folkevalde. I Førde har vi eit godt og avklart forhold mellom administrasjonen og politikarane bygd på tillit. Politikarane i Førde er flinke til å sette mål og ha høge ambisjonar, men dei gjev oss i administrasjonen stor fridom til sjølv å avgjere korleis oppgåvene skal løysast.

Ein annan grunn til at vi scorar godt i Førde, er gode styringssystem. Systema våre er godt dokumenterte på intranettet vårt Innsida, og vi har gode budsjett- og økonomiplanprosessar som har resultert i at Førde kommune har hatt god kontroll på den økonomiske styringa. Eg opplever også at det i dei ulike sektorane blir arbeidd målretta og godt, med høg fagleg kvalitet. Det er mange kommunar og fagmiljø som ser til Førde kommune når det gjeld fagleg kvalitet.

Det er særleg på tre store og viktige område vi scorar særleg godt, og som gjer at vi kjem så godt ut i Kommunebarometeret:

  • Grunnskulen – her har Førde over mange år hatt svært gode resultat både når det gjeld elevane sine ferdigheiter og trivsel. Førde har i fleire år blitt rekna som ein av dei beste skulekommunane i landet.
  • Pleie- og omsorg har hatt ei flott utvikling dei seinare åra som følgje av ei målbevisst satsing på heildøgns omsorgsbustader, tildelingseining, kortids-, demens og dagtilbud. Mange av dei tilsette har fagutdanning.
  • Økonomi. Førde kommune har i fleire år hatt gode resultat og er i ferd med å få kontroll på gjelda gjennom ein handlingsregel som avgrensar låneopptaka. Førde klarar også å finansiere ein stor del av investeringane gjennom bruk av driftsmidlar. Kommunen har også ein god eigenkapitalsituasjon.

Men også vi i Førde kommune har mange utfordringar framfor oss. Kommunesamanslåinga er ein av dei. Ein annan og meir alvorleg er budsjettutviklinga i 2018. Budsjettkontrollen for mai viser ei prognose der drifta går med 23 mill kr i overforbruk. Skal vi fortsette å vere den beste kommunen i Norge må vi raskt få kontroll på økonomien i 2018.

Men trass i nokre mørke skyer må vi glede oss over eit flott resultat i Kommunebarometeret.

God sommar til alle tilsette, politikarar og innbyggarar i Førde.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar