Førde har framleis god plassering i årets Kommunebarometer

Klikk for stort bilete

I motsetning til i fjor er ikkje Førde heilt på topp i årets Kommunebarometer. Vi har likevel ei god plassering som nummer 32 av dei 422 kommunane i landet. 

Kommunebarometeret 2019

Førde kommune har i fleire år hatt høge plasseringar i Kommunebarometeret, og i fjor kom vi heilt til topps. Noko vi var svært stolte av!

I år er vi rangert som nummer 32. Vi har framleis gode tal innan grunnskule, pleie og omsorg, barnehage, kultur, vatn og avløp og kostnadsnivå. Mindre gode tal er innan barnevern, helse, sosial, miljø og ressursar, saksbehandling og økonomi. 

Kvifor eit kommunebarometer?

Kommunebarometeret vert utarbeidd av Kommunal Rapport kvart år, og er ei rangering av alle kommunar i landet. Rangeringa har tidlegare vore basert på 12 ulike nøkkeltal. I 2019 er dette endra til 14 ulike nøkkeltal. 
 
Føremålet er å gi eit lettfatteleg bilde av korleis kommunane presterer målt mot resten av kommune-Norge. Det er ofte vanskeleg å finne fram i taljungelen, difor lagar Kommunal Rapport denne rangeringa og gir karakter. 
 
Tala er i hovudsak henta frå Statistisk sentralbyrå sin Kostra-database. I tillegg er det henta offentleg statistikk frå ein del andre kjelder, både andre tal frå SSB, Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Norsk kulturindeks frå Telemarksforsking. 
 
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar