Barnehageplass 2018/2019

Ytre Hafstad barnehage, ute - Klikk for stort bilete Søk om barnehageplass innan 1. mars.

Felles søknad til alle barnehagane 

Førde kommune har eit felles opptak, det vil seie at du søkjer ein stad til alle barnehagane. Det er 16 barnehagar i Førde. Du søkjer elektronisk om barnehageplass. 

 

Gå til barnehagesida til Førde kommune

 

Hovudopptaket gjeld ledige plassar frå august 2018.

 

Rett til barnehageplass

Alle barn som fyller eitt år seinast 30. november 2018 og som har søkt innan fristen 1. mars, har lovfesta rett til barnehageplass i den kommunen dei bur i.

 

Hjelp til å søkje?

Ta kontakt med Servicetorget om du treng hjelp til å søkje, tlf. 57 72 20 00.

 

Søknad etter fristen

Søknader som kjem inn etter fristen, vert ikkje behandla før etter at alle med lovfesta rett til barnehageplass har fått tilbod om plass. 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 19.01.2018 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering