Barnehageopptak 2019/2020

Søk barnehageplass innan 1. mars 2019. Merk deg at alle som står på venteliste må søke på nytt i år. 

Nytt søknadssystem for barnehageplass i 2019

Førde kommune har valt Visma flyt barnehage som IKT-løysing for å administrere barnehageopptaket. Det nye systemet erstattar IST barnehage. Alle som står på venteliste må difor søke på nytt. 

> Gå til barnehagesida for meir informasjon om barnehageopptaket 

 

Innføring av nytt system får følgjande konsekvensar:

  • Alle som står på venteliste må registrere ny søknad innan 1. mars 2019. Dette gjeld også om du har barnehageplass, men står på venteliste til ein annan barnehage. 
  • Dokumentasjon frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar kan lastast opp som vedlegg i søknadsportalen. Du kan sjølvsagt også sende dette per post slik som før. 

 

Treng du hjelp til å søke?

Ring Servicetorget på 57 72 20 00 om du treng hjelp til å søke eller har andre spørsmål om barnehageopptaket. Du kan òg ta ta kontakt med barnehagane for å få hjelp til å søke. 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar