Det var over 200 personar som møtte opp på folkemøtet om sentrumsstrategien 27. august 2018. Administrasjonen tek med seg innspela frå møtet og vil legge fram saka på nytt til planutvalet 20. september og bystyret 27. september 2018. Korleis sentrumsstrategien skal legge føringar for kommuneplanen sin arealdel er eit viktig spørsmål. 

Skulane i Førde kommune skal frå 1. august 2018 ta i bruk Visma Flyt Skule som skuleadministrativt system. Elevar, grupper, lærarar og føresette er registrert i dette systemet, og fråver, merknader og karakterer på elevar, blir lagt inn her. I Visma Flyt Skule handterer vi også SFO-søknader og administrasjon av SFO-plassar. 

Kommunal Rapport har publisert endeleg Kommunebarometer basert på resultata i 2017, og Førde kommune klatrar i år heilt til topps. Dette betyr at vi leverer gode tenester til innbyggarane våre – ja faktisk er vi best i landet.

Bergumkrysset på riksveg 5 vart offisielt opna 3. juli 2018. Snorklippinga vart utført av leiar for vegavdeling Statens vegvesen Sogn og Fjordane Svenn Egil Finden, saman med ordførar i Førde Olve Grotle og fylkesordførar Jenny Følling. 

Carl Nyborg-Christensen er tilsett som personvernombod for ti kommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord (SYS-kommunar). Han skal jobbe for at personvernet til tilsette og innbyggarar vert behandla på ein god måte og i tråd med personopplysningslova. 

Ullsentralen fekk byggeskikkprisen for 2018. Prisen vart delt ut av ordførar Olve Grotle i bystyremøtet 21. juni. Tore Hillestad, Christina Kvamme og Svein Torsnes tok imot prisen til Xform og Ullsentralen AS. Leiar i juryen for byggeskikkprisen Rune Hegrenes heilt til høgre i bildet. Fotograf: Tore Gjelsvik.

Førde kommune går no i gang med å montere elektronisk låsesystem (eLås) hos innbyggarar som får helsehjelp heime eller har tryggleiksalarm.  Montering av det nye låsesystemet vil starte i mai/juni 2018. 

Bli med på gåturar i sentrum med innlagt styrketrening! 

Brukar du vanleg stikkontakt frå bustaden din, er det ikkje sikkert at denne er tilpassa straumforbruket til elbil ladaren.

Det brenner ikkje oftare i elektriske bilar enn andre bilar, men lademåten kan utgjere ein auka risiko.

Det anbefalast at det monterast på-veggen-ladar mode 3-ladestasjoner der ein brukar å lade elbil regelmessig. Ta kontakt med elektrikar for å få eit riktig ladesystem for din bustad.

Perioden for bandtvang i Førde er 1. april til 31. oktober.

Skaff deg digital postkasse og få breva raskare – rett på mobilen eller datamaskina di. Digital postkasse er internett sitt svar på din vanlege postkasse. Er du klar til å ta imot posten digitalt?

Tilsette i Fredskorpset har hatt sitt første besøk til Førde denne veka. Det var 22 som meldte seg på turen og ville sjå og høyre om Førde som bu- og arbeidsområde. 

Vi har gleda av å publisere ei ny nettside knytt til "Sentrumsstrategi for Førde".  På framtidasforde.no vil du finne informasjon om prosjektet med sentrumsstrategien. Nettsida er også ein viktig stad for å gje tilbakemelding og tankar om sentrumsutvikling i Førde. Her ønskjer vi bidrag frå alle!

Denne veka har Fredskorpset vore på sitt første besøk til Førde. Frå venstre avd. direktør Vigdis Holm, direktør Hege Hertzberg, representant for dei tilsette Helge Espe, ordførar Olve Grotle, rådmann Ole John Østenstad og avd. direktør Øyvind Sunde. Fredskorpset skryt av mottakinga dei har fått blant folk i Førde. Det er tydeleg at mange ser fram til å få dette spennande fagmiljøet til Sunnfjord. 

Alle kvinner som er fødde 1991 og seinare har frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. 

Frå 15. juni 2017 vart det etablert politikontakt for alle kommunar i Vest politidistrikt. Politioverbetjent Odd Helge Vågseth er politikontakt i Førde og Naustdal. Bjarne Brudevoll i Gaular og Knut Skurtveit i Jølster kommune. 

No kan du låne syklar gratis på Servicetorget. Opningstid frå kl.08.00 til kl.15.15 

Det er tre år sidan rådhuset vart sertifisert som Miljøfyrtårn. Rådhuset er no resertifisert, og kan vise til m.a. ei miljøvenleg drift av rådhuset.

 

Førde kommune vil i løpet av mars gå over til å sende post digitalt. Har du allereie skaffa deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil breva kome i den postkassen du har valt. Om ikkje du har valt digital postkasse vil breva kome i Altinn.  

Fylkesmann Anne Karin Hamre hadde måndag 19. september 2016 med seg gratulasjonskake for å feire ny storkommune i indre Sunnfjord. Ordførarane var invitert til kakefest. Frå venstre: Olve Grotle (Førde), Oddmund Klakegg (Jølster), Anne Karin Hamre, Mathias Råheim (Gaular) og Håkon Myrvang (Naustdal).  

Halbrend skule, idrettsbana

Nye tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at Førde kommune har 13 003 innbyggarar per 2. kvartal 2016. Vi har hatt ein folkevekst på 103 personar frå 1. januar 2016. 

Snarvegar