Prosjektet Frivillige og kommune hand i hand får rosande omtale frå ExtraStiftelsen. Dei har besøkt Førde helsetun og er imponert over resultata frå prosjektet. 

Laurdag 27. april er det offisiell opning av dagsturhytta Gytta. Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde kommune inviterer til folkefest til dagsturhytta klokka 13.00 og gratis foredrag med Aleksander Gamme klokka 16.00 i Førdehuset. Ta med deg familien og bli med på tur denne dagen!

Hovudregelen er at brenning av bål i skog og mark er forbode i perioden frå 15. april til 15. september. 

SYS IKT (Sunnfjord og Ytre Sogn IKT) tek over driftsansvaret for nye Sogndal kommune. Dette vart markert i Sogndal rådhus 1. april 2019. 

Foto: Frå venstre Kristine Steindal, Ole John Østenstad, Åge Stafsnes og Lise Mari Haugen. Hilde Bjørkum var forhindra til å møte.
 

Dei tre siste leiarstillingane i kommunedirektøren si leiargruppe i Sunnfjord kommune er no på plass. Åge Stafsnes vert tilsett som kommunalsjef for skule, Kristine Steindal kommunalsjef for barnehage og Hilde Bjørkum kommunalsjef for kultur og idrett. 

Helse- og omsorgsdepartementet ønsker å prøve ut ein ny modell for organisering av legevakt i små- og mellomstore kommunar. Modellen skal prøvast ut i vårt distrikt. 

Deler av Førde sentrum sett frå lufta

No kan du enkelt finne det beste energitiltaket for din bustad, og sjå kor du har mest å spare. 

Forbrukarrådet har sjekka servicen til alle kommunane i landet. Førde kjem på førsteplass i fylket og det er vi svært stolte av! På landsbasis er vi nummer 31 av 422 kommunar. Best i landet er Nesset kommune i Møre og Romsdal. 

Forbrukerrådet har testa kor gode kommunane er til å hjelpe folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester. Opplysningar er testa via telefon, e-post og nettsider.

 

Her kan du sjå resultatet i fylket og elles i landet:

 

Førde helsestasjon arrangerer temagrupper med nyttig innhald. Ta gjerne med deg niste, og kos deg saman med dei andre foreldra og barna deira både før og etter temagjennomgangen. Kombiner gjerne barselgruppetreff og temagruppe. 

Frå januar 2019 startar ordninga med returplast til Sunnfjord Miljøverk.

 

 

Vigdis Lobenz 2

I dag, 2. januar 2019, startar Vigdis Lobenz som prosjektleiar for Førdepakken i Førde kommune. Ho tek over stillinga etter Arve Seger som har nådd pensjonsalderen. 

Her finn du dei vanlegaste avgiftene, gebyra og eigenbetalingane i 2019. Prisen på barnehageplass, SFO-plass og betalingssatar for helse- og omsorgstenester er justert litt opp. Tilknytingsgebyr for vatn og avløp er uendra, medan feie- og tilsynsgebyret har gått noko ned. Dei største endringane er at prisen på avløp vert auka med 22 % og prisen for levering av papp og papir aukar med 23 %. Her kan du laste ned ei fullstendig prisliste for 2019 (PDF, 334 kB)

Dagsturhytta Gyttakvia

 

 

 

Dagsturhytta i Førde, som har fått namnet Gyttakvia, er no open for alle! Her inviterer Inge Larsen frå kultureininga alle til å ta hytta i bruk. 

Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) startar boring for regional kartlegging av fare for store kvikkleireskred i Førde, Eid, Gloppen, Stryn, og Naustdal kommunar i veke 3 eller 4 i 2019.

Asbjørn Inge Steen fekk Kongens fortenestemedalje og Hilde Bjørkum fekk Førde kommune sin kulturpris for 2018 i dag under julemøtet til bystyret. Ordførar Olve Grotle stod for utdelinga. 

Formannskapet vedtok i dag at kulturprisen for Førde kommune 2018 går til Hilde Bjørkum.

Turgåarar i Førde

I den nye elektroniske brosjyra finn du 16 flotte nærturar i Førde. Kjekt for deg som er ny i Førde, på gjennomreise, eller for deg som treng inspirasjon til nye turmål. God tur!

Førde, Naustdal og Jølster har kulturskuleelevar som er representert i Norsk Kulturskuleråd sin kalender 2019

 

 

Gratulerer til alle tre og til lærarane Ingjerd Monsen Hjelmeland og Karen Helga Maurstig

Vil du sjekke fakturaene dine i Førde kommune? Du kan no som innbyggar enkelt få innsyn i eigne fakturaer. I tillegg er det mogleg å søke om betalingsutsetting.

Førde kommune startar no å sende ut faktura digitalt. 

Dersom du har reservert deg frå å få elektronisk post og ikkje har ein avtale som er lista opp under, vil du framleis få fakturaen din heim i postkassen. Fakturaen frå oss vil no vere utan bankgiroblankett.

Ungdomens bystyre i Førde for 2018–2019 er starta opp og har hatt val av ordførar, varaordførar og sekretær.

Les artikkelen med spørsmål om du kan be naboen felle tret før stormen gjer det. 

Gjensidige

 

Førde kontrollutval hadde møte 18.09.2018

Link til referat

Neste møte i kontrollutvalet vert 30.10.2018.

Førde kommune skal delta i kartleggingsprogrammet for skrantesjuke under hjortejakta i 2018. Alle felte hjortedyr som er 2 år eller eldre skal testast for skrantesjuke. 

Frå 1. september 2018 er Lise Mari Haugen konstituert rådmann i Førde kommune. Ho vert rådmann fram til kommunesamanslåinga 1. januar 2020. Ho overtek som rådmann etter Ole John Østenstad som skal vere prosjektleiar og deretter rådmann i Sunnfjord kommune. 

Snarvegar