oljefri illustrasjon

Fyring med fossil olje og parafin blir forbode frå 1. januar 2020. Vi ønskjer å legge til rette for trygg og enkel utfasing av fossil oljefyring. Difor inviterer vi til eit ope informasjonsmøte onsdag 22. november 2017, kl. 19:00–21:00 i Førde rådhus, bystyresalen 4. etasje. 

Førdefjorden og himmel

Sorggrupper er eit tilbod til deg som har mista ein nær person. Støttegruppa vil vere ein stad for å snakke om eiga sorg etter dødsfall, der du kan dele dine tankar og erfaringar med andre som har opplevd tap.

Røde Kors bygget

Torsdag 23. november kan du få tatt celleprøve ved Førde legesenter utan å bestille time på førehand. Vi oppmodar alle kvinner mellom 25–69 år som har fått innkalling frå kreftregisteret og likevel ikkje har tatt celleprøve, om å kome innom denne kvelden frå kl. 15:30. Tilbodet gjeld dei som har fastlege i Førde, eller er student her. 

Førde rådhus

Møte i Førde bystyre torsdag 23. november 2017  

Førde rådhus

Tysdag 14. og torsdag 16. november 2017 er det møte i desse politiske utvala: 

Bustadbygging i Førde

Dei som har hatt ei byggesak i Førde i løpet av 2016 eller første halvdel av 2017 har blitt spurde om korleis dei opplever tenestene. Her har vi oppsummert resultatet på brukarundersøkinga i 2017 og samanlikna med tidlegare år. Ei stor takk til alle som har tatt seg tid til å svare!

Sunnfjord Næringspark

Første byggetrinn av nye Sunnfjord Næringspark på Moskog er klart til etablering av nye verksemder. Er du interessert? Ta kontakt med Rolf Sanne-Gundersen ved Sunnfjord Utvikling, tlf. 970 55 208.

Trafikkavvikling Kyrkjevegen og Elstervegen 26.10.2017

Graving til fjordvarmeanlegget fører til periodar med sperra vegar og alternative omkøyringsvegar. Her finn du trafikkavviklingsplan for Kyrkjevegen og Elstervegen som gjeld frå 26. oktober 2017.

Digital postkasse mobilbruk

Skaff deg digital postkasse og få breva raskare – rett på mobilen eller datamaskina di. Digital postkasse er internett sitt svar på din vanlege postkasse. Er du klar til å ta imot posten digitalt?

Fredskorpset 26. oktober 2017

Tilsette i Fredskorpset har hatt sitt første besøk til Førde denne veka. Det var 22 som meldte seg på turen og ville sjå og høyre om Førde som bu- og arbeidsområde. 

Kreftforeningen logo

Temakaféen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Tilbodet er gratis og det er inga påmelding. Det er sett opp fire kveldar hausten 2017.

Røde Kors bygget

Forbrukarrådet har testa og gitt poeng til alle fastlegekontora i landet på ein skala frå null til hundre. Dei har testa svartid på telefon og e-post, om det er mogleg å bestille legetime elektronisk og kor god informasjon som er digital. Medisinskfaglege vurderingar er ikkje testa. 

Dronebilde Førde sentrum

Vi har gleda av å publisere ei ny nettside knytt til "Sentrumsstrategi for Førde".  På framtidasforde.no vil du finne informasjon om prosjektet med sentrumsstrategien. Nettsida er også ein viktig stad for å gje tilbakemelding og tankar om sentrumsutvikling i Førde. Her ønskjer vi bidrag frå alle!

Fotocollage planprogram regional plan for kultur

Sogn og Fjordane fylkeskommune har no lagt planprogram for regional plan for kultur ut på høyring. Fristen for å kome med innspel og merknader er 1. desember 2017.

Fredskorpset  22.09.2017

Denne veka har Fredskorpset vore på sitt første besøk til Førde. Frå venstre avd. direktør Vigdis Holm, direktør Hege Hertzberg, representant for dei tilsette Helge Espe, ordførar Olve Grotle, rådmann Ole John Østenstad og avd. direktør Øyvind Sunde. Fredskorpset skryt av mottakinga dei har fått blant folk i Førde. Det er tydeleg at mange ser fram til å få dette spennande fagmiljøet til Sunnfjord. 

Anniken Heggedal og Julie Daling

Anniken Heggedal (til venstre) og Julie Daling byrja 1. september 2017 i Førde kommune. Julie er Førde sin nye byplanleggar og Anniken skal jobbe med arealplanar. 

Gratis HPV-vaksine

Alle kvinner som er fødde 1991 og seinare har frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. 

Frå 15. juni 2017 vart det etablert politikontakt for alle kommunar i Vest politidistrikt. Politioverbetjent Odd Helge Vågseth er politikontakt i Førde og Naustdal. Bjarne Brudevoll i Gaular og Knut Skurtveit i Jølster kommune. 

Førde rådhus, sykkeldag

No kan du låne syklar gratis på Servicetorget. Opningstid frå kl.08.00 til kl.15.15 

Førde frå lufta

No kan du enkelt finne det beste energitiltaket for din bustad, og sjå kor du har mest å spare. 

Holsen

I år har Fylkesmannen ein tilskotspott på 9,2 millionar kroner som skal brukast til utsiktsrydding. Målet er å få auka utsikt langs vegar, stiar og vegnære utsiktspunkt. 

Miljøfyrtårn logo

Det er tre år sidan rådhuset vart sertifisert som Miljøfyrtårn. Rådhuset er no resertifisert, og kan vise til m.a. ei miljøvenleg drift av rådhuset.

 

Digital postkasse illustrasjonsbilde

Førde kommune vil i løpet av mars gå over til å sende post digitalt. Har du allereie skaffa deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil breva kome i den postkassen du har valt. Om ikkje du har valt digital postkasse vil breva kome i Altinn.  

Jubileumsforestilling 18.02.17

Det er 20 år sidan Førde fekk bystatus, og det skal vi feire! 20 arrangement er peika ut til å vere byens jubileumsarrangement. 

Førde Helsestasjon

Førde helsestasjon arrangerar temagrupper med nyttig innhald siste tysdag kvar månad. Ta gjerne med deg niste, og kos deg saman med dei andre foreldra og barna både før og etter temagjennomgangen. 

Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering