Førde kommune har ikkje høve til å ta imot opne søknader, men ønskjer deg velkommen til å søke på alle utlyste stillingar. Ledige stillingar legg vi ut på Easycruit. I tillegg vert det sett inn annonse i lokalavisa og lagt ut på NAV. 

Slik søker du på utlyste stillingar i Førde kommune

  1. Registrer deg som brukar i Easycruit 
  2. Registrer CV og send søknad elektronisk.
  3. Du kan legge inn CV-en din både frå fil og sosiale media.

Er du allereie registrert som brukar I Easycruit, loggar du deg inn med brukarnamn og passord. Du får då tilgang til dine tidlegare søknader og slepp å legge inn alle opplysningar på nytt. 

Førde kommune skifta søknadsportal 1. januar 2019

Du kan difor ikkje gjenbruke søknader og CV som var lagt inn i den gamle søknadsportalen.  

Offentleg søkarliste

Vi gjer merksam på at namn på søkar til dei ulike stillingane kan bli gjort offentleg, sjølv om du som søkar har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkarliste. 

Politiattest

Du treng politiattest dersom du søker stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell, barnehage og skule. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søker, men før du tek til i stillinga

Du søker om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider.

Du kan bruke tilsendt arbeidsavtale som dokumentasjon, eller vi sender deg ei stadfesting på føremålet med attesten. Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn tre månader.  

Deltidstilsette i Førde kommune kan ha førerett til utlyste stillingar

Vi jobbar med å få fleire fulltidstilsette. Dei som har deltidsstilling i Førde kommune og ønskjer å auke stillinga kan difor ha førerett til utlyste stillingar. 

Mangfaldig arbeidsmiljø

Førde kommune ønskjer så langt som mogleg å spegle mangfaldet i befolkninga og ha eit mangfaldig arbeidsmiljø. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte til å søke uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsevne, alder og seksuell orientering. 

Vilkår for tilsetting

Tilsetting i kommunen skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk, tariffavtale og lokale avtalar. Kommunen har for tida ei ordning med kompetansetillegg på inntil 30 000 kroner. Medlemskap i KLP/SPK. På faste stillingar er det 6 månader prøvetid. Her finn du meir informasjon om avtaleverk, retningslinjer og reglement som gjeld tilsette i Førde kommune