Kunngjeringar

Her finn du plansaker og andre kunngjeringar som til dømes varsel om oppstart av planarbeid, høyringar og planar som vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

 

Gå til skjema for elektronisk høyringsuttale >

Sist endra 09.11.2016
Publisert 04.12.2019

 

Det vert varsla om igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan Firdavegen 12 B g/bnr. 21/522, jf. § 12-8 i plan- og bygningslova.

Publisert 04.12.2019

Sunnfjord kommunestyre skal vedta årsbudsjett og økonomiplan 2020–2023 i møte 11. desember. Dokumenta er lagt ut på høyring slik at du kan gi innspel. Frist for høyring er 10. desember 2019. 

Publisert 28.11.2019

Gjennom planframlegget er det lagt til rette for riving av eksisterande bygningsmasse og oppføring av ny bustadblokk med ca.53 bustadeiningar samt privat-/offentleg parkering med tilhøyrande uteopphaldsareal.

 

Publisert 26.11.2019

Planen legg til rette for å føre opp nye husvære i rekkjehus, og blokker til studenthyblar øvst i Vieåsen. Planområdet omfattar også delar av eksisterande rekkjehus som i størst mogleg grad skal takast vare på slik dei er i dag. Det er regulert ny gang-/sykkelveg mot Hatlehaugen.

Publisert 24.10.2019

Kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal vedtok i juni 2019 interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord 2019–2030.

Publisert 23.10.2019
Førde frå Viefjellet

 Kommuneplanen sin arealdel 2019–2030 vart vedteken av Førde bystyre 26. september 2019. 

Publisert 02.10.2019

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 har Førde kommune tildelt einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd, § 29 tredje ledd og § 30 med underliggande forskrifter. Vidare er Sunnfjord Miljøverk IKS, med same heimel, også tildelt einerett for tømming og mottak av slam frå kommunale slamavskiljarar, mottak av slam frå kommunale reinseanlegg og innsamling, mottak og behandling av avfall frå kommunale verksemder/institusjonar.

 

Publisert 20.11.2018

Førde bystyre vedtok kommuneplanen sin samfunnsdel i møte 26. oktober 2018. 

Publisert 26.06.2017

I samband med områderegulering for Brulandsvellene må det greiast ut tilhøve kring trafikkløysing for området. Planutvalet gjorde følgjande vedtak i møte den 22.06.2017 i sak 042/17: