Lege

Bestilling av legetime

Bestilling av legetime hjå fastlegen din kan du gjere via

Timebestilling på nett >

 

eller på telefon til Førde Legesenter 57 72 21 50 (kl. 08:00–15:30) 

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

  • Fastlegen din i opningstida 08:00–15:30 på kvardagar, tlf. 57 72 21 50
  • Legevakt 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
  • 113 når det er akutt og står om liv

Frå 1. september 2015 har legevakta same nummer i heile landet: Det sekssifra nummeret 116 117. Du vil kome til legevakta der du oppheld deg uansett kor i Norge du ringer frå. 

 

Oppheld du deg utanfor Sunnfjord og ønskjer å nå legevakta i Førde må du ringe

  • 57 83 23 00

 

Førde kommune er med i den interkommunale legevaktordninga SYS IKL Legevakta dekker kommunane Balestrand, Høyanger, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Gaular, Førde, Naustdal og Jølster og er lokalisert ved akuttmottaket ved Førde Sentralsjukehus (FSS).

 

Frå og med 1. januar 2016 har SYS IKL og eit tilbod med kommunale Øyeblikkelig Hjelp Døgnsenger (ØHD) for dei 9 SYS IKL kommunane, Bremanger og Solund. Her legg ein inn stabile pasientar som har behov for observasjon, diagnostikk og behandling. 

 

Førde legesenter

Alle kommunelegane i Førde kommune er samla på Førde Legesenter  i Røde Korsbygget, Langebruvegen 28:

 

Kart
Langebruvegen 28

 

Har du spørsmål om prisar eller faktura frå Førde Legesenter, ta kontakt på telefon 57 72 21 50. 

Her finn du prisar som gjeld ved Førde Legesenter. 
 

Fastlege og bytte av fastlege

Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betalar du ein høgare eigendel.

 

Dersom du har foreldreansvar for barn under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der. 

 

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordningen. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen. 

 

Du kan bytte fastlege sjølv:


​Les meir om fastlegeordninga på helse.norge.no 
 

 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 07.01.2016 av Marit Kleiven
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Leiar legeteneste og rehabilitering
  • Tlf: 57 72 21 50
  • Mob:
  • E-post:  

Snarvegar

 
 
Login for redigering